Presentasjon m.m.

Lars Staurset (lars.staurset@it.statkart.no)
Wed, 10 Apr 1996 15:06:28 +-200

Takk til Geir Sundet for eit samandrag av gamle innlegg. Kvikk
leveranse!

Som eg skreiv tidlegare i dag, er eg noksaa nyinnmeld i dette forumet,
og har berre hatt Internett-post i nokre veker. Eg bruker Microsoft
Exchange (Windows 95), og haapar at aeoeaa-ane mine blir leselege
for andre.

Eg er foedd i 1948, og har tidlegare i livet studert
elementaerpartikkelfysikk i Oslo og Gen E8ve. Etter nokre aar ved
Norsk Regnesentral kom eg tilbake til heimtraktene i Molde, der eg
arbeider med edb-drift og programutvikling i Statens kartverk. Familien
er rein A4: kone, jente paa 15 1/2 og gut paa 11. Molde er ein
triveleg by trass i Roekke og fotballen.

Politisk har eg meiningar om mangt, men det kan vente. Eg har staatt
paa fyllplass paa RV-lista eit par gonger, og vore aktiv i NTL,
maallaget, Human-Etisk Forbund og andre stader. Dei siste aara har eg
konsentrert innsatsen om Nei til EU, foerst i lokallaget i Molde, og
det siste aaret i fylkesstyret. Eg er svaert oppteken av at regjeringa
foerer oss inn i EU steg for steg, utan saerleg motstand. Akkurat no
er det viktig aa faa ut informasjon om Schengen og matimport, og
nei-sida maa skjerpe seg fram mot stortingsvalet!!!!

KK faar fortent baade ris og ros i dette forumet. For min del
skjoenar eg ikkje at det gaar an aa greie seg utan. Dei lange
artiklane paa kultursidene gaar det an aa bla forbi (men det er jo
trist for skribentane dersom alle gjer det...). Informasjon om Noreg og
EU finst det ogsaa bra med i Dagens Naeringsliv, for dei som faar tak
i den paa jobben eller biblioteket. Nei til EU sentralt er forresten
blitt flinke til aa informere no, sjoelv om Internett-sida
(http://www.aksess.no/nteu) ikkje er heilt ajour. Proev eit abonnement
paa papir-bladet "Nei til EU informerer" (kr. 200/aar, tel. 22 20 90
50).

Oenskjet mitt for KK-forum er at det skal vere "hundre blomster" ei
stund framover, men at det etter kvart utviklar seg til meir
strukturerte diskusjonsgrupper. Dersom mange blir med i forumet, kan det
bli mykje post aa ploegje seg gjennom. Nokre av oss kan trenge ein
stad der vi kan gaa langt i aa utveksle fakta, meiningar og utkast til
avisinnlegg e.l. om EU. Andre har liknande behov naar det gjeld
fagorganisering, kvinnekamp, internasjonal solidaritet og andre tema.
Med ei passeleg inndeling vil vi kunne vere aktive i dei gruppene som
opptek oss mest, og samstundes foelgje med i andre saa langt vi rekk.

Helsing Lars Staurset