Nytt forsøk for å få ut mitt andre "Taiwan"-innspel

Alf Lejon (lejon@telepost.no)
Sun, 24 Mar 1996 22:35:22 +0100

Eg takkar Trond A. for svar på min foerste kommentar til Taiwan-innspelet
hans i Klassekampen.

1) Til spoersmaalet om tibetanarane sin rett til eigen stat:

Eg har ingen problem med aa stoetta ein suveren tibetansk stat, lausrive
fraa "Folkerepublikken" om fleirtalet av tibetanarane oenskjer å kjempa
fram denne suverene staten.

2) Til spoersmaalet om min stoette til Taiwan:

46olkeretten set fire vilkaar for ein stat: Fast folkesetnad som kan fornya
seg og oppretthalda ein stat over lang tid, eit bestemt territorium, ei
organisert,sentalisert styresmakt som opprettheld rettsorden og eit visst
sjoelvstyre. På dette grunnlaget kan eg stoetta kva folkegruppe som helst
som oenskjer aa kjempa for aa oppretta eigen stat, ogsaa Taiwan.Men den
norske staten har anerkjent "Folkerepublikken Kina" sin suverenitet og
Taiwan som del av "Folkerepublikken" sitt territorium. Det maa den norske
staten ta konsekvensen av dersom konflikten mellom "Folkerepublikken" og
Taiwan blir akutt. Dersom den norske staten ikkje stoettar
"Folkerepublikken" i denne konflikten,vil vaar regjering signalisera for
all verdas statar at Noreg heller ikkje kjem til å ta det saa noeye, med
forsvar av sitt territorium.

3) Til spoersmaalet om vaar utanriksminister (Godal) skal lena seg tilbake
i tilfelle kinesisk "politiaksjon":

Det har eg nett svart paa.

4) Til spoersmaalet om Eritrea inn i Etiopia:

Eritrea var ein suveren stat foer det med m.a. Noreg si hjelp blei
annektert av Etiopia. Det eritreiske folket hadde vilje til aa forsvara sin
suverenitet og etter 30 aars folkekrig frigjorde det landet sitt.

5) Til spoersmaalet om tsjetsjenerane sjoelve boer faa avgjera om dei vil
skipa eigen stat:

Eg har ingen problem med aa vera samd i det.

6) Til spoersmaalet om eg og du maa stoetta Beijing p.g.a. folkeretten:

Eg og du treng ikkje det. Men eg godtar at den norske staten maa stoetta
Beijing. Forklaringa har eg alt nemnd.

7) Til spoersmaalet om Hongkong:

Det er ingen stormakter som proever aa utnytta motsetningar i Hongkong for
aa kunna splitta og herska over kinesisk territorium. Den historiske
avtalen mellom Storbritannia og Kina som snart opphoeyrer, er alt for godt
kjend internasjonalt til at nokon proever seg paa slikt. Men eg kan ikkje
fri meg fraa tanken at USA forgiftar forholdet mellom "Folkerepublikken" og
Taiwan, for å kunna marsjera fram i Soeraustasia under fana om aa forsvara
demokratiet paa Taiwan.

8) Til spoersmaalet om T.A. sin teori om at smaa einskapar er betre enn stor
e:

Det er truleg ingen ting gale med din teori. Derfor foerer me politisk kamp
for aa styrka kommunane i forhold til staten. Men Rogaland treng ikkje av
den grunn bli ein suveren stat lausrive fraa Noreg.

9) Til spoersmaalet om "Folkerepublikken" nokon gong kjem i naerleiken av
aa bli demokratisk:

Det vil framtida vise.

10) Til samanlikninga mellom rettferdig EU-motstand og taiwaneserane sin
motstand mot å bli innlemma i det moderne fastlandskinesiske keisarriket:

46ormelt folkerettsleg blir ikkje Taiwan innlemma i "Folkerepublikken".
Taiwan er alt inne. Men folka paa Taiwan har sjoelvsagt full rett til aa
lausriva seg og oppretta ein suveren stat. Men daa maa dei ogsaa foerebu
seg paa aa kjempa militaert for denne staten, med lita stoette fraa andre
statar. Dei maa haapa paa internasjonal folkeleg stoette slik
vietnameserane fekk.

Helsing
Alf