Re: Farvel til Stalin & Co

Pål Hellesnes (paal@feskar.net)
Wed, 12 Mar 1997 09:43:12 +0100

>Ein liten kommentar til Stalindebatten:
>Eg er fødd i -67 og har ikkje lese eit ord av Stalin & Co, og kjem neppe
>til å gjere det heller.

Kvifor ikkje? Eg meiner denne haldninga vert grunnleggande
antiintellektuell. Eg skal ikkje koma og kreva at du skal vera SAMD med
Stalin, Lenin, Mao osb... men eit kvart ordskifte om desse folka vert
meininglaust om vi ikkje er viljuge til aa freista å setta oss inn i kva
dei sto for.

>Det store fleirtalet av folk oppfattar Stalin &
>Co som monstre frå fortida, og sannsynlegvis med rette. Kva appell har
>Stalin til folk? Zero.

Det er eg samd i. Eg er generelt mot å opphoeya folk til "klassikarar"
eller "store forbilete", ein slik opphoeying gjer det vanskeleg aa skilja
"skitt og kanel", m.a.o (nokon som tek den vesle spoeken?) å ta stilling
til teoriane deira, utan aa korkje demonisera eller forguda dei som
historiske personar. Det same gjeld for "monster"-tankegongen. Sett at du
har rett, Jon, og at t.d. Mao var gjennom roten og diktatorisk - er det
ikkje litt synd om din innstilling til han skal hindra deg i aa lera noko
av det han skreiv, om ikkje anna saa som historiske dokument? Nei, vi maa
klara aa sjaa litt meir avslappa paa sakene enn dette, ellers kjem vi galt
av sted.

>Eg ser at kapitalismen er rota til mykje vondt i verda, og vil gjette på
>at han undergrev seg sjølv. Eg trur at ei omvelting vil kome, men eg
>trur ikkje AKP vil spele noka stor rolle i ho, og eg trur (vonar) at ho
>vil finne si eiga form som vil ha lite å gjere med Stalin & Co; det var
>noko med historiske føresetnader? (Vi har jo ikkje kulakar i Gnore, men
>det kan bli tøft å tvangskollektivisere Lundteigen :-) ).
>
>De må gjerne fortsette å forsvare Stalin utifrå tesen om "noko godt,
>noko dårleg har alle", og det har dei rett nok. Men dinosaurane er daude
>no.

Jau, dinosaurane er daude dei, men hadde t.d ein tyrannosaurus (blodig,
valdeleg og fael som faa) skriven lengre verker om t.d det nasjonale
spoersmaalet som seinare vart nytta av menneske over heile verda, meiner eg
at vi hadde skulda "han" saapass at vi i det minste LAS verka, foer vi
konkluderte med at alt som staar der er sproeyt, berre av di han har store,
stygge tenner! Eller kva, Jon?

----------------------------Power to the people-----------------------------

I work at:
Paal Hellesnes Radio RV
Drillveita 4 n-7012 Trondheim PB 4443 n-7002 TRONDHEIM
Tlf: (access code) 477 350 9705 (access code) 477 351 2371

------------------------------------------------------------------------------