Re: ERICSSON-AKSJONEN PÅ INTERNETT - en oppsummering

Magni Onsoien (magnio@nvg.ntnu.no)
Wed, 5 Mar 1997 00:55:31 +0100 (MET)

> Skullerud/Onsoien er i denne saka ganske enkelt (politisk) uenig med
> meg i et valg som må gjøres mellom to hensyn:
>
> -Hensynet til at enkeltpersoner ikke nå og da skal risikere å få en
> uønsket e-post (fra aksjoner de er uenige i, eller fra firmaer)
>
> og
>
> -Hensynet til rask og kraftig oppslutning om solidaritetskampanjer,
> og å få bygget opp opposisjonelle Internett-nettverk fort.
>
> I valget mellom disse to prioriteringene er det siste viktigere for meg
> enn det første.

Problemet er at sjølv om folk har sagt a så seier dei ikkje absolutt b
etterpå. Om eg seier ja til å skrive under på ei kampanje mot nedlegging
av Ericsson, seier eg ikkje dermed ja til å vere med på andre kampanjar
som tilfeldigvis vert organisert av dei som organiserte den fyrste. Kva
avgjer om ei liste frå ein kampanje er relevant for andre? Kor gamal skal
ei slik liste vere før den er "utdatert" og ergo ikkje brukande til spam
om nye kampanjar?

Dessutan kan det at ein får haugar med mail om ting ein ikkje er
interessert i (same om det er kampanjar for menneskerettar i Indre
Fmurr (ikkje at det er noko gale med Indre Fmurr, det var berre eit
døme) eller om det er tilbod om hardporno eller noko anna dill) føre til
at ein set opp filter som hindrar ein i å motta mail frå andre enn
"trusted hosts and senders", dvs. t.d. avsendarar frå einskilde domene
eller frå somme adresser (brukarnamna "user" eller "anon" feks.) eller
mailar sendt til fleire enn feks. fem personar dersom det ikkje er
maillister ein vil ha mail frå. dette er ikkje spesielt vanskeleg, og
lettare vil det bli, og dersom mange gjer dette, vil slike spamkampanjar,
anten det er nyttige eller unyttige, miste effekten av di ingen får
mailen som vert sendt..

Eit praktisk problem er rett og slett utsendinga av mail til store lister
(eg går glatt ut frå at Trond veit ein del om det ;)), det har tendens til
å gå=A0skeis, og dessutan er det veldig lett å trykke "yes, reply to all
recipients" når ein evt. skal svare på mailen. Dette genererer masse støy,
evt. sløsing med bandbreidde pga. bouncing av mail som ikkje kjem fram av
di ein har fjerna mailaliaset for å unngå spamming.

> Forøvrig så skal man ikke ha illusjoner om at man i det hele tatt kan
> sikre seg mot misbruk av underskriftsaksjoner på Web. Jeg er hellig
> overbevist om at slike underskriftslister kopieres/vil bli kopiert av
> Overvåkinga, markedsføringsbyråer, enhver som mener kanskje å kunne
> bruke dette til sine suspekte formål i framtida. Og det vil være
> umulig å stoppe, uansett hva datatilsynet måtte forsøke.
>
> Hvis de som er aktivister for en spesifikk sak skal pålegge seg sjøl
> å aldri benytte navnelister de har fra tidligere Internett-kampanjer,
> vil de overlate arenaen til POT m.fl. og de kommersielle *aleine*.
> Aktivistenes arbeid vil bli vingeklippet, mens enkeltpersoner *likevel*
> vil motta en en del uvedkommende dritt i sin e-post-kasse, samtidig som
> de også vil være registrert av diverse "storebrødre" uansett.

Dette er vel ikkje argument for å gjere det verre enn det er?

> De som ikke tåler å få uvedkommende e-post i ny og ne, bør ganske
> enkelt avstå totalt fra å skrive under på Web på noe som helst.

Er ikkje dette ei litt for enkel løysing? Skal man bruke taktikken "av di
alle andre sender spam, kan vi også gjere det. Og viss dustar som ikkje
vil ha slik mail vil sleppe det, så får dei la vere å skrive under på noko
som helst. Ja, om dei sender mail til nokonsomhelst er det deira eiga
skuld om dei får spam tilbake"? Dette er ikkje bare dårleg gjort mot dei
som vil sende mail, men ikkje motta spam, men også mot nettet. Bandbreidde
kapasitetet er ikkje uavgrensa, og det er meir enn ein mailserver som har
måtta knele pga. haugar av mail som har stått i kø pga. spammarar.

Vel, dette var nokre tankar seint på natta. No skal eg heim og legge meg.

Magni :)

--
Magni Onsoien <magnio@nvg.ntnu.no>

http://www.nvg.ntnu.no/~magnio/ http://syklubb.naggum.no/