"Ericsson_markedsfører_virtuelle_bedrifter"

Lars Staurset (lars.staurset@statkart.no)
Mon, 3 Mar 1997 19:34:51 +-100

Apropos Ericsson-kampanjen: Ericsson har tydeleg oppfatta poenget. Dei arbeider
no med teknologi nettopp for bedrifter som er lokaliserte fleire stader, og
dermed treng avanserte telekom-tenester. Dette går fram av ein reportasje i
Dagens Næringsliv 1.3.97. Eit lite sitat:

"- Er det ikke en motsetning i at dere snakker varmt for virtuelle bedrifter,
samtidig som ledelsen i Ericsson gikk inn for nedleggelse på Hisøy
- Det er ingen direkte kobling her. Dette er to ulike problemstillinger, men
det er riktig at for å kunne ha et kostnadseffektivt miljø på Hisøy er vi
avhengige av kommunikasjonsteknologi. I denne sammenhengen er den teknologien
som utvikles i NTC aktuell..."

NTC er namnet på prosjektet, som rimelegvis har vore under arbeid ei tid, og
som kom i stor fare då det vart rabalder omkring flytteplanane. Utan
tilbaketoget hadde det sikkert vore steindaudt. Sannsynlegvis har
samarbeidspartnarane Nocom, Skrivervik Data, Toshiba og Informiø fortalt
Ericsson dette med store bokstavar, og tvinga dei til retrett.

Kor stor rolle Internett-kampanjen har spela, veit ikkje eg. Medieomtalen, som
kampanjen var ein del av, var opplagt viktig for å få fram det pinlege i at
Ericsson-leiinga ikkje trudde på - eller kjende til - sin eigen teknologi.

Det blir spennande å sjå kva som hender når dette har kome på litt avstand.
Kanskje formålet med flyttinga eigenleg var å redusere bemanninga, med at dei
Hisøy-tilsette skulle nekte å bli med til Fornebu. I så fall bør dei nok bu seg
på nye framstøytar. Lykke til vidare!

Lars Staurset
--=_AAAm0AAAcaszHrrw--