Tilbaketog_eller_siger_i_Sør-Korea=3F

Lars Staurset (lars.staurset@statkart.no)
Mon, 3 Mar 1997 08:14:26 +-100

I ein bortgøymd notis med overskrifta "Tilbaketog i Sør-Korea" laurdag
1. mars opplyser KK at presidenten i Sør-Korea har trekt tilbake den
omstridde arbeidslova.

Dette er jo ei svært god nyheit, som bør følgjast opp med grundig
dekking (kanskje den kjem i måndagsavisa, som eg i skrivande stund
ikkje har sett). Det som får meg til å skrive desse linjene, er den
hårreisande overskrifta. Det burde ha stått "Full seier i Sør-Korea"
eller noko slikt.

Slike ord som "klassestandpunkt" er sikkert ikkje i bruk lenger i
"klassens avis", og akkurat det er ikkje noko stort tap; men
"vinkling" har vel desken høyrt om?

Lars Staurset