nominasjon, ungdom og Partiet

Magnus Marsdal (Magnus@del.feskar.net)
Tue, 4 Feb 1997 15:23:19 +0000

> Subject: Om Oslo-nominasjon, og om hersketeknikker under
> falskt "kvinneflagg"

Joa, eg trur nok Andresen har mykje rett i det han skriv. Det kan vel
vera at medlemskap i AKP er ein kvalifikasjon som får dei fleste
manglar til å bleikne, når det skal nominerast. Til og med den ganske
klåre politikken som har vore på at ungdom/RUarar ikkje skal stappast
inn i parlamentarisk arbeid kan ein brått gå vekk frå, dersom andre
omsyn (Partiet sine) skulle koma i konflikt. Og så er då også både
Rudd og Storvik medlemmar av AKP.

Men, det finst slik eg ser det eit problem med kriteria Andresen sett
opp for nominasjon: Dei diskvalifiserer dei aller fleste, om ikkje
alle, ungdommar - folk under 28. Og korleis skal ein få til
"generasjonsskifte" og ny giv for den revolusjonære rørsla dersom
berre dei som kan skilta med Faglege Posisjonar eller liknande skal
vera kvalifiserte? Dette er eit dilemma, kan vi vel seia.

Ein annan ting er at å vera Ung i denne samanhengen ikkje fyrst og
fremst er eit spørsmål om dato på fødselsattesten. Eg har då treft nok
av 20-åringar som er langt meir firkanta, dogmatiske og ukritisk
partilojale enn sine 45 år gamle partikameratar i AKP. Anna er det
ikkje å venta frå dei meir nyfrelste skikta i ei rørsle som berre
nyleg og ufullstendig har kvitta seg med ukritisk personkultus kring
ultramektige herskarar og tilhøyrande usvikeleg tru på Partiets
Leiande Rolle uansett kor lite og stivna det måtte vera.

Mingus

PS
Berre så ingen skal ta meg til inntekt for alle slags
"oppgjer med AKP": AKP&Co er det mest oppløftande som har skjedd i
Noreg etter frigjeringa i 45, og ber framleis i seg mykje sers
verdifull tradisjon og ikkje minst kunnskap, og eg meiner det ofte er
slik at det står langt meir respekt av å framleis vera med i dette
partiet enn av å ha gått ut med brask og bram for å laga noko "Nytt"
og deretter funne seg til rette framfor TVen og innhylla i dei
parlametariske illusjonane som gjerne fylgjer med å ha eksistert i det
kapitalistiske Noreg i vår tid i over 40 år. (Aktivisten og
nytenkjaren Andresen er sjølvsagt ikkje i nærleiken av skyteskiva for
dette siste slemme åtaket.)