Re: NEINEINEINEINEINEI

Oddmund Garvik (garvik@serveur.interliger.fr)
Wed, 19 Nov 1997 16:41:51 +0000

Le 19 Nov 97 =E0 14:49, Roar Madsen a écrit:

> Oddmund Garvik har reagert sterkt på eit årsmøtevedtak frå Møre og
> Romsdal Nei til EU. Mykje i reaksjonen hans er forsøk på å slå inn
> opne dører ("Er dei Æfolk som bur i EU-landÅ nødvendigvis smitta?"
> "Dei fleste av oss lever i verda og er utsette for farar kvar dag".)

Eg veit ikkje om reaksjonen min var så sterk..., eg er berre lei av
"den himmelske fred" i EU-spørsmålet som eg blir konfrontert med kvar
gong eg kjem til gamlelandet. Det er stor mangel på nyansert tenkjing,
og mange mytar ute og går, etter mi meining.

> enn EU/EU-organ. For å stilla det litt klårare: Meiner du eller
> meiner du ikkje at EU i dag er ein pådrivar for næringsliberalisme?
> Ifall svaret er nei vil eg gjerne sjå korleis du grunngjev dette
> synet.

Det finst tendensar i båe retningar, sjølv om næringsliberalismen i
Noreg som i EU for tida er den sterkaste tendensen. Men dette er ikkje
noko argument mot EU. Noreg blir ikkje eit mindre kapitalistisk land
av å stå utanfor EU, heller ikkje meir sosialistisk for den saks
skuld. Eg trur spørsmålet om "sjølvråderett" blir meir og meir fiktivt
no til dags.

> Det er vel knapt særleg mange i Nei til EU som meiner at nasjonal
> styring representerer garantiar for noko kollektivt nirvana eller at
> Noreg er so stort og mektig??? Kva reaksjonære trekk er det du talar
> om - kvifor er det reaksjonært o.s.b.?

Fordi det finst ein sterk understraum av nasjonalt hovmod i ein del av
Nei-rørsla. Argumentasjonen er basert på ei slags polarisering: oss og
dei andre, Noreg og Utlandet. Eg veit sjølvsagt det finst svært
reaksjonære trekk også på den andre kanten. Heile EU-kampen er etter
mitt syn eit spillfekteri der kvit og svart maling flyt i strie
straumar.

> Eg synst nok ogso det er noko sterkt å hevda at me som ikkje høyrer
> til i eliten sitt talekor for EU er merkte av vrangførestillingar
> trass i auka kommunikasjon, at me er heimfødingar, har skylappar
> o.s.b. Det er som å høyra makta tala og forsøka å skræma folk over
> på ja-sida slik dei prøvde framfor folkerøystingane.

Eg hevda vel eigentleg ikkje dette... Eg sa ikkje at alle er
heimfødingar, men at det finst mange er eg svært så overtydd om.

> Oddmund Garvik kvifor kan du ikkje heller seia det som det er -
> nemleg at du er ein EU-tilhengjar som er vonbroten over at
> fleirtalet i heimlandet ikkje slutta opp om synet ditt? Kvifor ikkje
> seia det og forsøka å argumentera konkret for EU og EU sin politikk?

Tja, eg stemde Nei i 1972; siste gongen stemde eg ikkje av den enkle
grunn at eg ikkje hadde stemmerett. Eg er ikkje norsk statsborgar
lenger, og veit i grunnen ikkje kva eg ville ha stemt. Eg har budd i
eit av dei leiande EU-landa i snart 15 år, og livet er ikkje så gale
som mange trur. Sjølvsagt finst det fattigdom, arbeidsløyse, rasisme,
aukande fascisme, undertrykkjing, framandgjering, her som i Noreg.
Dette hadde det ikkje vore mindre av om me gjekk ut av EU. Det er det
berre fascistane i Front National som trur, og no også dei same i det
Danske Folkepartiet. Eg trur det blir viktig å halde tunga veldig
beint i kjeften framover, og ikkje rota seg bort i glorute
"alliansar".

Med helsing

Oddmund Garvik