NEINEINEINEINEINEI

Roar Madsen (roar.madsen@hf.ntnu.no)
Wed, 19 Nov 1997 14:49:49 +0100

Oddmund Garvik har reagert sterkt på eit årsmøtevedtak frå Møre og Romsdal
Nei til EU. Mykje i reaksjonen
hans er forsøk på å slå inn opne dører ("Er dei Æfolk som bur i EU-landÅ
nødvendigvis smitta?" "Dei fleste av oss
lever i verda og er utsette for farar kvar dag".)

Ei rad påstandar t.d. at næringsliberalismen og globaliseringa ikkje er eit
resultat av EU - er sjølvsagt ein heilt rett
påstand historisk sett. Det var ikkje EU-organ som fann opp denne økonomiske
utviklinga og konstruerte ideologiske legiti
meringar for dei. Du har sjølvsagt rett i at den politiske kampen ikkje er
avslutta (når vert han det?), og forsovidt rett
i at næringsliberalisme og globalisering ikkje NØDVENDIGVIS (mi utheving) er
ein konsekvens av EU sin politikk. Desse "programma"
har sjølvsagt ogso andre kjelder enn EU/EU-organ. For å stilla det litt
klårare: Meiner du eller meiner du ikkje at EU i dag er ein
pådrivar for næringsliberalisme? Ifall svaret er nei vil eg gjerne sjå
korleis du grunngjev dette synet.

Og kva meiner du med dette?

"Det finst sterke reaksjonære trekk i ein del av argumentasjonen mot EU.
Trur de verkeleg på den nasjonale herlegdomen og på
sjølvråderetten? Trur de at det norske Stortinget, og den norske regjeringa
har så stor makt? Trur de verkeleg at Noreg er så stort og
viktig i verda, at landet har noko å stilla opp med?"

Det er vel knapt særleg mange i Nei til EU som meiner at nasjonal styring
representerer garantiar for noko kollektivt nirvana eller
at Noreg er so stort og mektig??? Kva reaksjonære trekk er det du talar om -
kvifor er det reaksjonært o.s.b.?

Og so skriv Garvik:

"Den internasjonale monopolkapitalen står over alle folk, og landa i
verda har lite å stilla opp med på eiga hand. Kva hjelper det om Noreg
skyr Europa, når dei samstundes legg seg flate for Amerika og Pax
Americana? Det amerikanske hegemoniet er ein større fare for Noreg, og
for resten av verda, enn den Europeiske Unionen."

Eg er samd i mykje her og i at me ikkje burde leggja oss flat for Amerika og
Pax Americana. Det eg ikkje skyner er at eit leidt knefall skal
vera eit godt argument for eit anna...

Eg synst nok ogso det er noko sterkt å hevda at me som ikkje høyrer til i
eliten sitt talekor for EU er merkte av vrangførestillingar
trass i auka kommunikasjon, at me er heimfødingar, har skylappar o.s.b. Det
er som å høyra makta tala og forsøka å skræma folk over
på ja-sida slik dei prøvde framfor folkerøystingane.

Oddmund Garvik kvifor kan du ikkje heller seia det som det er - nemleg at du
er ein EU-tilhengjar som er vonbroten over at fleirtalet i heimlandet ikkje
slutta opp om synet ditt? Kvifor ikkje seia det og forsøka å argumentera
konkret for EU og EU sin politikk?

Med helsing

Roar Madsen
Historisk Institutt - NTNU
7055 DRAGVOLL
Telefon/phone + 73 59 81 15
Faks/fax + 73 59 64 41