SV:_Årsmøte_i_Møre_og_Romsdal_Nei_til_EU

Olve Steinset (olves@online.no)
Wed, 19 Nov 1997 14:30:37 +0100

Kan henda vert du noko mindre provinsiell dersom du busett deg utanfor noreg sine grense, men det er og det einaste - nokon betre analytikar, eit klokare menneske tiviar eg på om du vert av det å leine - heller ikkje du Oddmund Garvik. Eg vil meine det kan gjeva grunn til ettertanke at Sverige måtte dompa 70% av sitt importerte kjøtt frå FRANKRIKE grunna smitte - tross den framifrå kontrollen du skriv om, og på tross av at vi her oppe er så provinsielle. Berre nevner det!

Lukka til viare

MHH Olve Steinset

>Le 19 Nov 97 =E0 10:24, Lars Staurset a écrit:
>
>> Forsøka på å få reforhandla avtalen med EU om grensekontroll av mat,
>> stør vi fullt ut. Det er ei viktig sak å få ordna dette til beste
>> for landet slik at vi ikkje utset befolkninga for dei same risikoane
>> som om vi var eit EU-land. Fjerning av grensekontroll, kombinert med
>> auka handel, kan få uoverskuelege konsekvensar for næringskjeda - vi
>> vil bli utsette for meir smitte og fleire bakteriar som er
>> resistente mot antibiotika.
>
>Kva slags risiko er dei som lever i EU-land utsette for? Er dei
>nødvendigvis smitta, og har dei nødvendigvis fleire resistente
>bakteriar enn gode, norske nordmenn i Noreg som et norske varer på
>norske bord i norske heimar? Dei fleste av oss lever i verda og er
>utsette for farar kvar dag. Næringsliberalismen og globaliseringa (er
>det det ein kallar det på norsk?) er ikkje eit resultat av EU, heller
>ikkje nødvendigvis ein konsekvens av EU sin politikk. Det finst
>forskjellige tendensar i Europa, og den politiske kampen er ikkje
>avslutta.
>
>Det finst sterke reaksjonære trekk i ein del av argumentasjonen mot
>EU. Trur de verkeleg på den nasjonale herlegdomen og på
>sjølvråderetten? Trur de at det norske Stortinget, og den norske
>regjeringa har så stor makt? Trur de verkeleg at Noreg er så stort og
>viktig i verda, at landet har noko å stilla opp med?
>
>Den internasjonale monopolkapitalen står over alle folk, og landa i
>verda har lite å stilla opp med på eiga hand. Kva hjelper det om Noreg
>skyr Europa, når dei samstundes legg seg flate for Amerika og Pax
>Americana? Det amerikanske hegemoniet er ein større fare for Noreg, og
>for resten av verda, enn den Europeiske Unionen.
>
>> Uavhengig av reforhandling av EØS-avtalen, er ei merking av
>> utanlandsk kjøt heilt fram til forbrukar etter vårt syn ein
>> minstekrav no, slik at dei som vil, i alle fall kan velje bort dette
>> kjøtet.
>
>Dette har ikkje noko med EU/EØS å gjera. I Frankrike er slik merking
>innført for lenge sidan. Kontrollen av "næringskjeda" er her vel så
>streng og utvikla som det eg har sett i Noreg, og kvaliteten på
>matvarene er som kjent svært høg, langt betre enn i Noreg...
>
>Det er utruleg korleis desse vrangførestellingane lever vidare i ei
>tid då ein skulle tru kommunikasjonen var opnare enn nokon gong før.
>Nordmenn er også ute og reiser ein del. Eg veit det finst mange
>heimfødingar der oppe, men det kan då ikkje vera så ille... Få av
>skylappane, og sjå dykk litt betre om neste gong de er ute i den
>store verda!
>
>> Årsmøtet i M&R Nei til EU vonar òg at den nye regjeringa vil legge
>> opp ein asyl- og flyktningepolitikk med eit menneskeleg ansikt, og
>> ikkje slik som AP-regjeringa i alle saker bytter ut hjartet med
>> lommekalkulatoren.
>
>Dei kan alltid drøyme...
>
>
>
>Oddmund Garvik
>