Re:_Årsmøte_i_Møre_og_Romsdal_Nei_til_EU

Oddmund Garvik (garvik@serveur.interliger.fr)
Wed, 19 Nov 1997 14:02:36 +0000

Le 19 Nov 97 =E0 10:24, Lars Staurset a écrit:

> Forsøka på å få reforhandla avtalen med EU om grensekontroll av mat,
> stør vi fullt ut. Det er ei viktig sak å få ordna dette til beste
> for landet slik at vi ikkje utset befolkninga for dei same risikoane
> som om vi var eit EU-land. Fjerning av grensekontroll, kombinert med
> auka handel, kan få uoverskuelege konsekvensar for næringskjeda - vi
> vil bli utsette for meir smitte og fleire bakteriar som er
> resistente mot antibiotika.

Kva slags risiko er dei som lever i EU-land utsette for? Er dei
nødvendigvis smitta, og har dei nødvendigvis fleire resistente
bakteriar enn gode, norske nordmenn i Noreg som et norske varer på
norske bord i norske heimar? Dei fleste av oss lever i verda og er
utsette for farar kvar dag. Næringsliberalismen og globaliseringa (er
det det ein kallar det på norsk?) er ikkje eit resultat av EU, heller
ikkje nødvendigvis ein konsekvens av EU sin politikk. Det finst
forskjellige tendensar i Europa, og den politiske kampen er ikkje
avslutta.

Det finst sterke reaksjonære trekk i ein del av argumentasjonen mot
EU. Trur de verkeleg på den nasjonale herlegdomen og på
sjølvråderetten? Trur de at det norske Stortinget, og den norske
regjeringa har så stor makt? Trur de verkeleg at Noreg er så stort og
viktig i verda, at landet har noko å stilla opp med?

Den internasjonale monopolkapitalen står over alle folk, og landa i
verda har lite å stilla opp med på eiga hand. Kva hjelper det om Noreg
skyr Europa, når dei samstundes legg seg flate for Amerika og Pax
Americana? Det amerikanske hegemoniet er ein større fare for Noreg, og
for resten av verda, enn den Europeiske Unionen.

> Uavhengig av reforhandling av EØS-avtalen, er ei merking av
> utanlandsk kjøt heilt fram til forbrukar etter vårt syn ein
> minstekrav no, slik at dei som vil, i alle fall kan velje bort dette
> kjøtet.

Dette har ikkje noko med EU/EØS å gjera. I Frankrike er slik merking
innført for lenge sidan. Kontrollen av "næringskjeda" er her vel så
streng og utvikla som det eg har sett i Noreg, og kvaliteten på
matvarene er som kjent svært høg, langt betre enn i Noreg...

Det er utruleg korleis desse vrangførestellingane lever vidare i ei
tid då ein skulle tru kommunikasjonen var opnare enn nokon gong før.
Nordmenn er også ute og reiser ein del. Eg veit det finst mange
heimfødingar der oppe, men det kan då ikkje vera så ille... Få av
skylappane, og sjå dykk litt betre om neste gong de er ute i den
store verda!

> Årsmøtet i M&R Nei til EU vonar òg at den nye regjeringa vil legge
> opp ein asyl- og flyktningepolitikk med eit menneskeleg ansikt, og
> ikkje slik som AP-regjeringa i alle saker bytter ut hjartet med
> lommekalkulatoren.

Dei kan alltid drøyme...

Oddmund Garvik