RE: Troverdighet 2

Lars Staurset (lars.staurset@statkart.no)
Wed, 19 Nov 1997 11:42:08 +0100

Finn Sindre Eliassen skreiv m.a. om Hans Ebbing:

>Kanskje har Ebbing rett i at Dahle og Wegner står over
>"klassemotsetningene"; eg tvilar meir på om professoren sjølv gjer det.
>For meg ser det ut som feltherren Ebbing skummar av klassehat;
>interessant nok ikkje mot borgarskapen. Han reknar seg naturlegvis til
>"venstresida" og provar med det at omgrepet er tomt for innhald.
>Eg tykkjer det er moro å sjå ein lys levande akademikar av intellektuell
>støypning stå fram naken offentleg. Eg kan ikkje ein gong sjå fikenbladet
>framfor ballehanken. Psykiatriske liksomomgrep og hevdvunne skjellsord om
>AKParar fortel at den lærde bergensaren er i live og at han ikkje har mist
>evna til å bli sint, men ikkje stort meir enn det.
>
>Eg kjem i hug ei episode frå i kring 1970. Ein kvinneleg student stod og
>selde Klassekampen i Bergen. Der kom ein professor i filosofi
>forbi, stogga og glefste: - Fitte!
>Gjekk så derifrå.

osv. i same stilen.

Ebbing har sjølv brukt sterke ord, så han toler vel litt. Av andre har
eg forstått at det skal vere ein slik debatt-tone på dette forumet.
Det er heilt greitt med skribentar som (for å vri på Eliassen)
"skummar av hat, ikkje mot borgarskapen", men...mot folk som dei kunne
ha stått saman med i kvardagskampen.

Om KK-forum går dukken av dette, så er vel ikkje så mykje tapt. Verre
er det at denne utskjellinga skjerpar striden om avisa KK.

Eg kjenner ikkje Ebbing, men har forstått at han tilhøyrer venstresida
i SV (kalla museumsvakter, fordi dei meiner at Marx har noko å lære
oss). Eliassen synest ikkje dette er noko særleg til venstreside, og
han om det. Men kven skal lese, abonnere på og støtte Klassekampen
dersom folk som Ebbing ikkje er gode nok? Er det om å gjere å grave
grøftene mellom den noverande redaksjonen og fondsfolka så djupe som
muleg?

Lars Staurset