Re: Framtida?

Magnar Jarle Olsen (mjolsen@online.no)
Tue, 18 Nov 1997 21:09:42 +0100

Jan Jacobsen wrote:

> At så mange av de som i kampen om KK støttet partidirektivet til AKP om
> innsetting av Jon M. som redaktør, her på forumet for det første nekter å
> innse hvorfor spørsmålet om Stalin er viktig og for det andre bagatelliserer
> spørsmålet om Stalin til hva han teoretisk mente om det nasjonale spørsmål
> etc, og for det tredje forsøker å stoppe kjeften på en som påpeker dette
> (KVJ), gjør at Hellesnes håp om en rehabilitering av sosiaslismen har en
> lang, lang vei å gå før det blir realistisk.
>
>
Eg kan ikkje hugse at nokon har sagt at diskusjonen om Stalin og dei
andre ikkje er viktig. Men eg kan ikkje sjå at han har serleg relevans i
samband med redaktørskiftet i KK! Å ta ein grunnleggjande
teoridiskusjon om kva feil som vart gjort i heile den kommunistiske soga
i denne samanhangen er for meg ei avsporing. Eller kanskje heller å
skyte spurv med kanon (snarare å la spurv skyte med kanon?).

Personleg har eg i ei alder av 52 år ikkje teke noko "offentleg" oppgjer
med Stalin. Eg har rett nok aldri støtta Moskvaprosessane og
utrenskingane, men eg trur faktisk ikkje eg har lese ein setning som
mannen har skrive, og kan ikkje uttale meg om han som teoretikar.

Trass i det tillet eg meg å ha ei meining om det som skjedde då KK fekk
ein ny redaktør!

Poenget mitt er (trur eg) at kravet om ei ideologisk botsøving i alle
moglege og umoglege samanhangar, innsnevrar debatten og får mange til å
ramle av lasset.

Venleg helsing
Magnar Jarle Olsen