Re: Troverdighet 2

Finn Sindre Eliassen (finn@frida.alesund.fylkesbibl.no)
Tue, 18 Nov 1997 18:54:11 +0100 (MET)

On Tue, 18 Nov 1997, Hans Ebbing wrote:

> KKs problem er blitt et troverdighetsproblem - det har Stein Stugu gjort
> greit rede for i KK 15.11.. Og JMs leder om Kristen Nygaard for en stund
> siden gjorde troverdighetsproblemet åpenbart for alle - unntatt for de
> som likevel aldri kommer til å skjønne det.

Kvifor så smålåten og provinsiell Ebbing? Ikkje berre Klassekampen, ikkje
berre AKP, men alle kommunistar alle stader til alle tider manglar
truverde. Vi må aldri gløyme at dei ikkje er demokratar. Ja, og så alle
sympatisørane naturlegvis.

> Thorstein Dahle, som i lokalpolitikken i Bergen er så populær at han
> nærmest står over klassemotsetningene her borte (sammen med politimester
> Rolf B. Wegner), har forstått dette og følgelig meldt seg ut av AKP med
> henvisning til den måten AKP behandlet redaktørspørsmålet på. (Jeg kan
> ikke huske å ha sette noe informasjon om dette i KK. Burde ikke dette ha
> vært en nyhet for "venstresidas dagsavis", det er jo ingen privatsak for
> T.D?)

Kanskje har Ebbing rett i at Dahle og Wegner står over
"klassemotsetningene"; eg tvilar meir på om professoren sjølv gjer det.
For meg ser det ut som feltherren Ebbing skummar av klassehat;
interessant nok ikkje mot borgarskapen. Han reknar seg naturlegvis til
"venstresida" og provar med det at omgrepet er tomt for innhald.
Eg tykkjer det er moro å sjå ein lys levande akademikar av intellektuell
støypning stå fram naken offentleg. Eg kan ikkje ein gong sjå fikenbladet
framfor ballehanken. Psykiatriske liksomomgrep og hevdvunne skjellsord om
AKParar fortel at den lærde bergensaren er i live og at han ikkje har mist
evna til å bli sint, men ikkje stort meir enn det.

Eg kjem i hug ei episode frå i kring 1970. Ein kvinneleg student stod og
selde Klassekampen i Bergen. Der kom ein professor i filosofi
forbi, stogga og glefste: - Fitte!
Gjekk så derifrå.

> Min bakgrunn for å støtte KK i en del år - økonomisk og på andre måter -
> skyldes selvsagt KKs objektive kvaliteter som venstresideavis. Selv om
> jeg alltid har vært en svoren motstander av stalinismen-maoismen og i sin
> tid ble oppfattet som en av m-l-bevegelsens erklærte Fiender, var jeg
> villig til å se mellom fingrene på at AKPs eierskap kunne skape problemer
> - så lenge dette eierskapet var "sovende" slik at avisa fikk utvikle seg
> og frigjøre seg fra sin opphavelige ideologiske ballast.

Det er greitt det Ebbing, du treng ikkje slå inn opne dører. Eg veit at
du har konvertert til demokrat. Slik mange tidlegare kalde krigarar,
sovjetvener og kommunistar har gjort allereie.

> (Jeg skrev en
> lang kronikk fenomenet KK i 1995 el. 96). Men jeg var naiv: Desverre
> viste redaktørkonflikten at den politiske hunden AKP ikke var helt død
> likevel og innledet sitt siste felttog nettopp mot det som kunne bli
> venstresidas dagsavis ennå i mange år framover.

At den kronikken var lang, er eg sikker på. Eg er og viss på at han var
ispedd ein rikeleg porsjon framandord og sprelske paradoks. Legg ein til
redsle for dei raude, så har vi fire kvalifikasjonar som kan sikre
professoratet i mange vitskapar som høyrer til dei ulne;
litteraturvitskap, sosialøkonomi, psykologi og sosiologi for å nemne
nokre sjølvsagde kandidatar.

> Det er typisk at den komissarisk innsatte redaktør oppfatter "Foreningen
> til fondet ....." som en trussel mot KK - ikke som en utstrakt hånd fra
> folk som ikke vil være nyttige idioter for AKP. At Thorstein Dahle har
> meldt seg ut av AKP på grunn av det som har skjedd, viser at det har vært
> anstendige mennesker i AKP helt til det siste. Men det blir stadig færre.

Er ikkje uttrykket "anstendige mennesker i AKP" sjølvmotseiande, Ebbing?
Er ikkje utrykket i klasse med "levande lik"?
Jau, det er noko som heiter "contradictio in adjecto".

Eg konstruerer meg ein arbeidshypotese som ser slik ut:

Ebbing vert så oppmuntra av at Dahle melde seg ut av AKP at han let
logikken fare. Kanskje vil han få oppleve at den siste kommunisten
omvender seg til noko meir moterett..

Altså er - også for han - politikken overordna det meste;
også dei filosofiske krumspringa som han var så god til før i tida.

Finn Sindre Eliassen