SOS Rasisme vant!

Trond (ozt@usa.net)
Tue, 18 Nov 1997 08:16:36

SOS Rasisme vant!

David skriv:

>Tor Kristoffersen seier indirekte at av di den sittende >leiinga vart attvald så nyttar akp KK til å slengja drit om >SOS-leinga. Vel. Det er faktisk sånn at dei fleste av dei >som stilde i blokk på landsmøtet var akp-medlemer (..) Å >skrika opp om AKP-kupp, når AKP-leiinga faktisk ønskjer at >desse folka ikkje skal stille til attval blir vel litt >rart.

Kvifor planla fleirtalet i "firkløveren", RU/ akps fraksjonsleiing i SOS Rasisme, i detalj korleis ein skulle kaste Kjell Gunnar og Elisabeth og kven som skulle veljast inn i ei leiing, så tidleg som 10. september? Eg vonar å tru at akparane i leiinga i SOS Rasisme ikkje viste stor nok lojalitet til direktiva frå Arnljot Ask og AU/akp. Dei ville melde SOS Rasisme ut av snv, til tross for at, sitat blant andre Jo Ryste, Harald Selvær; "snv er akps studieforbund...". Det kan og seiast at SOS-leiinga brøyt direktiva frå Arnljot Ask og ekskluderte Kjell Børge Øgård for eit år sidan.
Akp meiner at dei sentrale folka i SOS Rasisme har vore ein fraksjon internt i akp, noko me aldri har vore. Dei politiske motseiingane mellom akperane i SOS-leiinga er like store som i partiet elles.
Kjell Gunnar vart suspendert fordi han fraksjonerte (kvifor var han den einaste?) At akp løyser denne konflikten med å suspendere eller ekskludere oss, er greitt nok, men det er ikkje greitt nok at akp-leiinga løyser denne konflikten i SOS Rasisme.
For å oppsummere:
Problemet til akp er at me som jobbar i SOS Rasisme ikkje er lojale nok til akp-leiinga. Dei ville setje inn ei anna leiing i SOS Rasisme, med akpere som er meir lojale til leiinga i akp.

Etter kvart som me blir ekskludert frå akp, vert me vel ein uavhengig ledelse? Akp kan ikkje forsøka å kaste oss for å ikkje følgje direktiva blindt, utan å tenkje på organisasjonen me jobbar i.

Var det kun me som stilte i blokk? Kven trekte seg ein etter ein etter at Elisabeth vant? Det me gjorde var å seie i frå i god tid til å finne andre folk.

Eg trur heller ikkje SOS Rasisme vart like splitta som nokon ville ha det til. Erlend Neergard, som fekk 15 stemmer mot Elisabeth sine 27 stemmer, stilte til landsstyret, og vart klappa inn i det nye landsstyret i SOS Rasisme.

SOS Rasisme må byggast videre - og vil byggast videre. Kampen mot rasisme må ikkje bli rammet av at akp tapte mot fleirtalet på landsmøtet til SOS Rasisme

Med antirasistisk hilsen
Trond Thorbjørnsen
Nyekskludert akper
og nyvalgt AU-medlem i SOS Rasisme.

ps
Eg minner om heimesida til Rosenlund Aktivisthus i Asker:
http://www.fortunecity.se/hultsfred/abbaavenyn/49/rosenlund.html
ds
____________________________________________________________________
Get free e-mail and a permanent address at http://www.netaddress.com