Re: AKPs dagsavis og SOS Rasisme

David_T._Sørmark (david@feskar.net)
Tue, 18 Nov 1997 14:09:44 +0000

Tor Kristoffersen seier indirekte at av di den sittande leiinga vart
attvald så nyttar akp KK til å slengja drit om SOS-leinga. Vel.
Det er faktisk sånn at dei fleste av dei som stilde i blokk på
landsmøtet var akp-medlemer:

Kjell Gunnar Larsen (suspendert frå AKP)
Anne Elisabeth Hansen
Trond Thorbjørnsen
Henrik Ormåsen
Jon Ole Martinsen
Sturle Danielsen Tvedt
Vidar (eit eller anna)
Ellen Sund
Bjørn Megning Jensen (suspendert frå AKP)

Alle medlemer av AKP. Å skrika opp om AKP-kupp, når AKP-leiinga
faktisk ønskjer at desse folka ikkje skal stille til attval blir vel
litt rart.

Du seier at KK berre har høyrt kva AKP meiner i denne saka før dei
skreiv artikkelen som sto å går. Vel. Kjell Olav Hovde frå Drammen
SOS er medlem av KrFU, og var på landsmøtet. Han er heilt sjokkert
over korleis den sittande leiinga manipulerte, juksa og i det heile
holdt på.

Og sånn var det for fleire uavhengige. Kom ikkje her å sei at det var
AKP/RU-leiinga som sto i spissen for å laga eit helvete kring dette
landsmøtet! Det har de klart heilt fint sjølve!

David T. Sørmark
www.feskar.net/~david