"...som forventa kommer de springende alle sammen."

Roar Madsen (roar.madsen@hf.ntnu.no)
Tue, 18 Nov 1997 12:23:14 +0100

Trond Andresen skriv om kritikken min av KVJ sin ordskiftestil og det
ordskiftet denne utløyste at:

"Som man roper i skogen får man svar:

Roar Madsen ber om støtte, og som forventa kommer de springende alle
sammen. Og som forventa sier de det samme."

Kven er "alle sammen" Trond og kvifor kunne du venta at dei seier det same?

Berre so det er sagt Trond, eg skyner godt at du høyrer med til dei som
sakleg sett er usamd i det
eg skriv om ordskiftestil. Det kan vel ha noko med eigen ordskiftestil å
gjera, jfr. nyfrelst jypling
som du kalla Bismo etter omhyggjeleg val.

Den usemja kan me gjerne diskutera. Noko serleg godt ordskifte vert det
diverre ikkje av utsegner av det slaget
eg siterer ovanfor i dette innlegget. I tilfelle du er usamd i det synst eg
du skulle seia det klårt og tydeleg
her på KK-forum. Gjer du det skal eg hugsa godt på det og vurdera å bruka
den same formuleringa ord for ord
i ein debatt der me to er usamde og der fleire andre seier seg samde med
deg. Eg tippar då at du ville refsa
meg i vanleg stil for å vika unna ordskiftet e.l.

Diskusjonsskikk og folkeskikk er vanskelege saker. Eg vedgår gjerne at eg
ikkje alltid greider å leva opp til eigne
høge ideal. Men er det betre å ha som ideal at ein kan skriva mesta kva som
helst om kven som helst berre fordi ein måtte
vera usamd i ei eller anna sak. Etter mitt syn er det ein ideologi for det
normlause samfunnet. Diverre er mange på
på den sokalla venstresida som ynskjer seg dit, for min del lovar eg å hoppa
av i god tid føre me kjem so langt.

Med helsing
Roar Madsen
Historisk Institutt - NTNU
7055 DRAGVOLL
Telefon/phone + 73 59 81 15
Faks/fax + 73 59 64 41