Re: Som man roper i skogen...

Filip Stokkeland (filip@online.no)
Tue, 18 Nov 1997 10:13:28 GMT

Trond Andresen skreiv:
>Som man roper i skogen får man svar:
>
>Roar Madsen ber om støtte, og som forventa kommer de springende alle
>sammen. Og som forventa sier de det samme.
>
>Give me Karsten any day!

Det kan tenkjast eg er stokk dum, men kva meiner du eigenleg?
Er eg liksom ein kanin som diltar etter Roar Madsen av di eg seier meg
samd i ein del av kritikken han har kome med?

Eg meiner faktisk at *mange* her på forumet har eit problem med å
halda god tone og syna at dei har folkeskikk, anten det er Karsten VJ,
Trond Andresen, Geir Sundet, Olve Steinset eller andre. Det verkar på
meg som om minst kvart tredje innlegg her inneheld eller eit eller
anna slags "ballespark" -- anten det er å stempla meinings-
motstandarane med karikerande merkelappar eller andre former for
låtteleggjering.

Sonja D. Tinnesand skreiv:
>Jeg er enig med Trond og Solveig i at KVJs innlegg på KK-F er noe av det
>mest interessante å lese. Skjønner ikke hvorfor noen (Roar M.) setter igang
>en kampanje mot ham nå, fordi han kalte en annen debattant for "nyfrelst
>jypling".

No rotar du litt. Det so vidt eg minnest Trond Andresen som kalla
Mathias Bismo for nyfrelst jypling. Elles meiner eg det er feil å seia
at Roar Madsen har sett i gang ein kampanje mot Karsten Vedel
Johansen. Han reagerte mot svært ufin (og etter mi meining svært
usakleg) framferd mot Jon Egil Brekke.

Roar Madsen skreiv:
>Dette held ikkje Karstein! Du skuldar Jon Egil ei orsaking. Vil du vurdera å
>dempa antagonismen din nokre hakk her på KK-forum i tida som kjem?
>Det bør du gjera - elles kan du knapt venta at nokon orkar å ta deg på
>alvor. I motsett fall meiner eg du gjer oss ei teneste ved å gjennomføra det
>du har annonsert tidlegare - nemleg å trekkja deg ut or KK-forum. Ingen
>andre enn dei som ynskjer å blokkera all debatt kan sjå seg tent med ein
>slik debatt-terrorisme.

Eg vil ikkje at Karsten forlet forumet, og slik oppfattar eg heller
ikkje Roar Madsen. Men eg ynskjer at han (og andre) skjerpar seg.

>Jeg diskuterte for første gang på forumet tidligere i høst, og
>jeg må si at det hadde vært like greit å blitt møtt med litt sånne utsagn i
>beste mening, enn f.eks. all den overhøflig omtolkinga som Roar M. og Olve
>S. driver med. Det kan ligge mye dritt pakka inn i ekstrem høflighet.
>(Eller så kan man ta den helt ut, og mobbe Hans E. for å ha sendt vedlegg i
>feil format. Gud, så festlig da, fins-fnis. )

Eg er ikkje sikker på om eg forstår akkurat kva du meiner med
overhøfleg omtolking frå Roar M. og Olve S., men same kva er det ikkje
eit argument for Karsten VJ si framferd, at andre gjer same
typen/liknande feil -- har like dårleg framferd.

>Jeg håper inderlig at ikke KVJs siste innlegg var et farvel til KK-forum.

Eg vonar Karsten held seg her på forumet, eg -- berre han skjerpar
tonen.

Det burde -- mildt sagt -- ikkje vore naudsynt å ha slike lange
diskusjonar om tonen og stilen her på KK-forum, men dette forumet er
faktisk ein av dei verste stadene eg har vore med. Det er vel stort
sett berre ordskiftegruppa no.general (UseNet/news) som eg ha oppfatta
som verre.

Vyrdsam helsing
-F-