Re: Parti eller demokrati?

Paal Hellesnes (paal@torsk.feskar.net)
Wed, 19 Nov 1997 10:07:02 +0100 (MET)

Orsak, men her skyter du etter mitt syn skivebom. Bakgrunnen for at
*nokre* AKParar hevdar at AKP framleis skal eige heile avisa er at dei
faktisk har historisk rett til det. Det var trass i alt AKP som starta
avisa, og som i all hovudsak (sjoelvsagt med hjelp fraa andre, som Ekeland
osb) har halde liv i ho heilt til starten paa 90-talet. Meiner du at det
IKKJE kvalifiserer til *visse* saerrettar i hoeve avisa?

Eg er sjoelv for at AKP maa selga seg ned, og dermed gi fraa seg deler av
kontrollen med avisa. Men dei som no krever at partiet umiddelbart skal gi
fraa seg mesteparten av avisa er temmeleg naive.

For aa avslutta med eit spoersmaal: Meiner du, Knut Bremer, eller for den
saks skuld andre (Andresen, Ekeland osb) at om AKP no vedtek aa selga seg
ned til, la oss seia 49%, at det er ein bra eller daarleg ting? Vil de daa
koma med kritikk og dermed laasa prosessen ytterlegare, eller vil de
innroemma at AKP har teke eit skritt i rett retning?

Kh
Paal Hellesnes