SV: Nei til fjerning av Vedel Johansen

Olve Steinset (olves@online.no)
Mon, 17 Nov 1997 15:35:25 +0100

Ingen er tvungen til å lesa kva andre har skrive, heller ikkje det Karsten Vedel Johansen (KVJ) skriv, like lite som det er nokon plikt til å svare på alle innlegg eller alle stilte spørsmål. Eg les nok det meste her på forumet, og som oftast også det KVJ presterer.

Frederick S. Perls skreiv i sin sjølvbiografi "In and Out the Garbage Pail" følgjande, oversett til norsk: "Ord har ikkje større makt/tyngde enn kva mottakaren tillet", stundom kan det ha noko føre seg å reflektere over dette. Ord i seg sjølv har ikkje nokon injurierande kraft, det er den status ein gjev person attom dei som utgjer denne krafta - slik kraft tykkjer eg ikkje Karsten Vedel Johansen lenger har. Dersom nokon absolutt VIL late seg fornærme av det denne mannen skriv, ja - så slit det med helsa.

Lat mannen vera i fred, ikkje ta dykk vatten over hovudet ved å freista oppdra han til sømeleg åtferd - han lyt sjølv finne ut av det, berre slik kan lukkast i å få kraft attom orda sine att.

MHH Olve Steinset