Nei til fjerning av Vedel Johansen

Roar Madsen (roar.madsen@hf.ntnu.no)
Mon, 17 Nov 1997 13:12:00 +0100

Mikkelsen og Andresen skriv som om eg ville ha Vedel Johansen vekk. Det er feil.
Eg ynskjer primært at han skal oppvisa elementær folkeskikk og diskusjonsskikk.
Diverre har eg eit visst empirisk grunnlag for å hevda at det er lite sannsynleg
at det vil skje. Dersom han ikkje er i stand til det oppmoder eg han om å
trekkja seg.
Eg har ikkje kravd noko form for tiltak frå KK-forum si side - berre so det
er sagt.
Difor er det meiningslaust å tolka innlegget mitt som ei røyst for noko anna
enn at Vedel
Johansen reflekterer over eigen diskusjonspraksis. Altso: Nei til fjerning...

Eg synst det er leidt at Mikkelsen og Andresen i praksis legitimerer det
diskusjonsregimet
av sjikane som Vedel Johansen er med på å definera på KK-forum ved å skriva

" Vi kan ikke se at KVJ -- sjøl om han er meget polemisk i formen -- har
brutt de vide rammer
som dette forum har tradisjon for."

For meg er det rimeleg klårt at dette klimaet representerer ei barriere mot
breidare deltaking, og dessutan
er med på å legitimera usakleg skitkasting på KK-forum (jfr. Helgheim si
"lukka avdeling"). Eg må diverre
vedgå at Mikkelsen og Andresen har rett i at KK-forum har tradisjonar for å
ha svært vide råmer for kva
som vert rekna for akseptable innlegg (stil).

Mine reaksjonar er eit uttrykk for eit standpunkt om at KK-forum har vore
for aksepterande til mistenkjeleggjering,
sjikane, skitkasting og stempling. Sjølv om det denne gongen var Vedel
Johansen som utløyste reaksjonen frå mi side,
ser eg jo ogso at dette er eit prinsippielt ordskifte. For min del er eg
sterk tilhengjar av borgarleg daning framfor
"radikale" sekteriske ritualmord. Eg meiner vidare at ein viss stil langt
frå gjer det umogeleg å fremja skarpe
politiske standpunkt - tvert om meiner eg at dette gjer diskusjonen om
skarpe standpunkt langt meir inkluderande og
reinhårig og langt mindre manipulerande.

Er eg den einaste på KK-forum som opplever dette som eit problem?

Med helsing

Roar Madsen
Historisk Institutt - NTNU
7055 DRAGVOLL
Telefon/phone + 73 59 81 15
Faks/fax + 73 59 64 41