Helsingar frå "A/S Politisk psykiatri (ml)"

Roar Madsen (roar.madsen@hf.ntnu.no)
Mon, 17 Nov 1997 11:49:05 +0100

KVJ skriv:

"Jeg takker for diagnosen fra A/S Politisk Psykiatri(ml). Jeg håper alle nå
er klar over hvor de har meg og hvilken fare det ligger i å lese det jeg
skriver."

Etter mitt syn ligg det ikkje anna fåre i å lesa det KVJ skriv enn at ein
risikerer
å verta drege inn i ordkløyvande ordskifte som byggjer på eit syn på verda
og medmenneske som er strengt
todelt etter mynsteret 100% med meg eller 100% mot meg. Det siste dersom ein
ikkje deler KVJ sine
syn på eitt og alt irekna innhald og form på oppgjer som bør takast. Det er
mi ærlege meining at
dette både fungerer avsporande på interessante og viktige ordskifte og djupt
autoritært andsynes dei
som (endå?) ikkje har sett ljoset. Det synst eg er trist - og det forbausar
meg at KVJ som meiner seg
å vera ein meir patent demokrat enn mange andre (dei fleste andre?) her på
KK-forum ikkje sjølve ser dette.

Og han skriv:

"Vi lever i en tid, hvor harme, sinne, sorg eller andre menneskelige
reaksjoner er blitt avvik som straks må under behandling av krisepsykiatere.
Flertallet er så følsomme at de ikke tåler dem."

Her er eg for ein gongs skuld samd med KVJ, berre med den viktige
presiseringa at eg ikkje utan vidare synst
det er greidt å formidla alle harme-, sinne- og sorgreaksjonar på KK-forum.
Av og til løner det seg å venta med
å senda meldingar skrivne i slike stunder. Dersom nokon føler at dette
inneber for sterke krav til å forstilla
seg sjølve eller meiner dei treng å skriva når humøret/lunet svingar som
hardast "for å få det ut", burde dei
kanskje vurdera andre former for "terapi". Kva med å setja opp eit eige
diskusjonsforum for dei som synst det
er greidt å æresskjella kvarandre når ein meiner dei ikkje er patente nok i
alle politiske spørsmål. Andre alternativ
finst sikkert ogso.

Elles konstaterer eg at Vedel Johansen ikkje finn grunn til å be Jon Egil
Brekke om orsaking for noko som helst.
Betre stadfesting på at den mannen meiner han kan skriva kva som helst om
kven som helst, er vanskeleg å tenkja seg.
Attpåtil reknar han dette som sakleg ordskifte o.l. og vert fornærma over at
andre ikkje ser på æresskjelling som ordskifte.

Eg står fast på at Vedel Johansen bør velja mellom rimeleg grad av
folkeskikk og deltaking på KK-forum. Sidan eg har
vorte oppnemnd som talsmenn for "A/S Politisk psykiatri (ml)" finn han det
vel kanskje ikkje truverdig når eg strekar under
at eg fyrst og fremst ynskjer at han vel det fyrste alternativet. Etter å ha
observert Vedel Johansen i fri stil ei tid må eg
diverre berre vedgå at eg har like lite tru på at epla skal byrja å falla
oppover som at Vedel Johansen skal ta eit slikt val.
Eg lovar at eg skal gjera offentleg uttrykk for glede dersom det syner seg
at eg tek i miss når det gjeld dette. Uansett garanterer
eg at eg ikkje skal koma med kvit frakk og føreskriva tvangsmedisinering
eller utkopling frå nettverket. Sidan eg reknar med
at eg høyrer med til dei mange som dyrkar "kunsten å lyga" (jfr tidlegare
ordskifte) er eg redd for at desse garantiane
ikkje vil utløysa den menneskeleg reaksjonen glede. Altso vil han kunngjera
at han bed om orsaking og tek sikte på å styra seg
litt - eller vil han gjera KK-forum ei teneste ved å trekkja seg ut?

Forresten - kan nokon skaffa meg den siste autoriserte utgåva av
diagnosehandboka for politisk-psykiatriske lidingar? Fram til
no må eg vedgå at eg har gjort sjølvstendige vurderingar av kva eg meiner er
overtramp og kva som øydelegg ordskifte. Eg forstår
sjølvsagt at det ikkje sømer seg for ein talsmann for "AS Politisk psykiatri
(ml)".

Beste helsingar

Roar Madsen
Historisk Institutt - NTNU
7055 DRAGVOLL
Telefon/phone + 73 59 81 15
Faks/fax + 73 59 64 41