Laurdagsmagasin

Magnus Marsdal (magnus.marsdal@klassekampen.no)
Sat, 15 Nov 1997 19:03:21 +-100

Hej på er, vänner av Klasskampen!

Dette forumet har vorte kalla Lukket Avdeling. No har det oppstått ein ny og betre variasjon av dette stemplet: Ko-ko-forum.

Nok om det. Det er for lite ordskifte om innhaldet i Klassekampen her, tykkjer eg. For mykje "debatt" om "stalinisme" og krampetrekningar frå fraksjonar i SOS Rasisme er det òg, men det er i fylgje MIN smak. Andre folk har openberrt andre preferansar, og det er jo greitt.

Nuvel. Eg vil gjerne invitera til meiningsveksling om Laurdagsmagasinet til Klassekampen. Kva meiner de magasinet bør innehalda? Bør vi HA eit Laurdagsmagasin? Kva er bra i dag, kva er ikkje bra, kva manglar vi? Og har de KONKRETE idear?

Sett i gang og meld.

Magnus E. Marsdal
KLASSEKAMPEN