RE: Interessant internett-side. Varsku her!

Lars Staurset (lars.staurset@statkart.no)
Wed, 12 Nov 1997 12:23:04 +0100

Lars Brede Johansen skreiv:

>Her kommer adressen til en interessant side:
>http://dieoff.org/
>
>Nederst på siden er det noen lenker videre og mulighet til å abonnere på et
>nyhetsbrev som kommer 3-4 ganger i året.
>
>Forrige nyhetsbrev kan lastes ned her:
>http://www.smu.ntnu.no/smu/diverse/test/brainfood.doc

Det kan godt hende stoffet er interessant, men eg kjem ikkje til å
laste ned denne fila. På grunn av faren for datavirus bør alle slutte
å sende ut doc-filer, og i eiga interesse bør ingen ta imot dei. Det
finst langt over 1000 ulike virus til doc-filer. Bruk i staden
txt-filer (rein tekst) eller rtf-filer (rikt tekstformat).

Dette skriv eg eit par dagar etter å ha reinska PC-en min. I ti månader
hadde eg viruset WM/Paycheck.F utan å vite det, fordi viruset var så
nytt at virussøkaren (Norman) ikkje fann det før nyleg. Doc-filer er
usikre sjølv om du har ein førsteklasses virussøkar!

Lars Staurset