SV: FFVD-annonsa og AKPs aksjer

Olve Steinset (olves@online.no)
Mon, 10 Nov 1997 15:04:54 +0100

Erik Ness skreiv, sitat:

>Til Olve som vil se annonsa:
>I KK idag sier FFVD hva de mener. Det beviser at Jon ikke sensurerer, men å
>bruke KK til innsamlingsplattform for et konkurrerende prosjekt ville vært
>uklokt.

Det kan vere at eg ordla meg dårleg Erik, derfor ei lita oppklaring: Eg har ingen som helst interesse av å sjå, lese eller få denne fordømte annonsen - like lite som eg har interesse av å lese spaltemeter med slike patetiske innlegg, på debattsida i KK, som det Sigurd Allern og Alf Skjeseth presterte i dagens avis!

Poenget mitt er at ei slik annonse vekker mindre merksemd og tek mindre spalteplass enn ein slik patetisk debatt i avisa gjer. Ei annonse for eit tåpeleg tiltak kan eg raskt bla forbi, eit debattinnlegg om påstått "sensur" kan eg ikkje like lett bla forbi - om eg er aldri så mykje usamd med skribenten. Sigurd Allern framstår meir og meir, som ein politisk feiging, som i redsle for å missa andelskjøparar til sitt nye ulne "prosjekt", ikkje vågar fortelje kva slags avis han i realiteten ynskjer seg. Gang på gang har han unnlate å svara på spørsmål knytt til avisas formålsparagraf - det er neppe utan grunn. Så kan ein jo då undra seg over kva slags demokratisk figur dette er - eller kva seier du Anders Ekeland? Det er vel neppe tagnaden som fremmar demokrati.

MHH Olve Steinset