Re: Avisa eller formalitetane kring ho?

Roar Madsen (roar.madsen@hf.ntnu.no)
Sun, 9 Nov 1997 16:38:42 +0100

Takk for svar Anders. Eg er sjølvsagt heilt med på å sondra mellom KK som
produkt og KK
som prosjekt. Poenget mitt er at det er produktet og ikkje prosjektet ein
tingar. Eg støtta ikkje
Allern og Bjerke sine prosjekt, men eg tinga avisa dei var redaktørar for.
Eg veit sjølvsagt at mange
KK-lesarar ogso vil ha eit medvite tilhøve til alle tenkjelege KK-prosjekt.

Eg er heilt samd med deg i at ein kunne venta seg reaksjonar som B.
Grønnesby sine (slutta å tinga).
For meg tyder dette likevel ikkje at rasjonaliteten i dei er
tydeleg/forståeleg/klår.

So mykje personleg og politisk prestisje som det (ogso) har vorte lagt inn i
KK-striden blant
Foreningen... sine folk, undrast eg om desse medlemene vil vera i stand til
å segja det ope og klårt
dersom det skulle syna seg at domedagsspådomane ikkje skulle visa seg å slå
til.

Og so litt om terminologien. Ifylgje Anders køyrer Bjørn Grønnesby full
streik, medan han omtalar Foreningen si
line som gå sakte - aksjon. Dette fortel meg mellom anna at Foreningen...
ikkje er heilt trygge på at dei
faktisk har rett i spådomane sine om at avisa vil gå nord og ned, men at dei
derimot gjer det dei kan for
å FÅ rett utan å driva situasjonen i kriseretning ved opne organiserte
sabotasjeaksjonar (oppseiingskampanjar) o.l.
Dette må vel vera ut i frå ein logikk som byggjer på at organisasjonen ikkje
vil kunne vinna fram utan å medverka
til ei krise for avisa. Mange av dei som er med i Foreningen... vil nok ha
sterke motførestillingar mot slike
metodar (nær opp til krisemaksimering) i andre samanhengar.

For min del har eg ingen problem med å sjå at det finst mange verkelege
vener av avisa i Foreningen..., sjølv om eg altso meiner
at Foreningen... si verksemd ikkje inneber verkeleg veneinnstilling til
avisa. Tida som kjem vil visa kven som høyrer
med til denne kategorien medlemer i Foreningen... og som ein difor kan
samarbeida konstruktivt med trass i klåre usemjer
om redaktørskiftet.

For meg er det til dømes eit interessant spørsmål om sentrale personar som
t.d. Aksel Nærstad og Alf Skjeseth stør
denne gå sakte-aksjonen? Har dei gjort det til prinsipp å ikkje skriva for
avisa? Vil Nærstad mellom anna halda fram
med å driva den interessante internettspalta i KK?

På same måten som kritikarane av styrefleirtalet har hevda at det faktisk
tyder noko både kva ein gjer og korleis ein opptrer, kan
avisa, redaktøren, styrefleirtalet og deira støttespelarar hevda at det
faktisk tyder noko kva den tapande parten i redaktørstriden
gjer og korleis den opptrer. Med den massive mistenkjeleggjeringa som
styrefleirtalet og redaktøren har vore utsette for, er det
ikkje det minste merkjeleg at Foreningen... sin utpressingsstrategi ikkje
vert rekna for organisert veneverksemd.

Med helsing

Roar Madsen
Historisk Institutt - NTNU
7055 DRAGVOLL
Telefon/phone + 73 59 81 15
Faks/fax + 73 59 64 41