Avisa eller formalitetane kring ho?

Roar Madsen (roar.madsen@hf.ntnu.no)
Fri, 7 Nov 1997 12:00:05 +0100

Eg har fått svar frå Ken Jackson som mellom anna skriv:

"Klassekampen er ikke bare et medieprodukt - det er primært et politisk
produkt. Det ble jo ikke minst grafisk illustrert ved kritikken av den
forrige redaksjonen, da enkelte av kritikerne åpent ga uttrykk for at de
ikke orket å ha avisa i huset fordi den ikke lenger var revolusjonær nok."

Eg er sjølvsagt samd i at KK primært er eit politisk produkt. Innlegget mitt
står i samanheng
med Bjørn Grønnesby sitt tidlegare innlegg (det var ein kommentar til
dette). Grønnesby
gav uttrykk for at han iallfall ikkje hadde mykje å utsetja på avisa som
politisk produkt.
Ein kan sjølvsagt diskutera klokskapen til dei som tidlegare har "forlate
KK" på grunnlag
av påstått manglande revolusjonær profil - men det er det iallfall ein slags
logikk i.
Eg etterlyste logikken i at ein ikkje har mykje å kritisera den faktiske
avisa for, men likevel
vel å gjeva ho opp på grunn av redaktørstriden m.m.

Og so dreg du meg etter håret Ken - det likte eg ikkje. Du skreiv:

"Forøvrig finner jeg argumentasjonen søkt - eller vil du også argumentere
for at det ikke spiller noen rolle for Vålerengas fanklubb at Sten Ture
Jensen er i ferd med å kjøpe VIF Hockey? De heier jo på Enga fordi de er
interessert i sport, ikke i eierne? Sjølsagt spiller eierskapet av en avis
og måten eierne opptrer på en rolle! Ikke minst i media."

Eg har aldri sagt eller meint at eigartilhøve ikkje spelar noko rolle.Men
for meg er det viktigare
kva avis Dagbladet, Dagsavisen Arbeiderbladet, Adresseavisen, Ny Tid o.l. er
enn kva som måtte kunne seiast ut
frå ulike politiske vurderingar om eigarane til desse avisene (om dei som
måtte vera parti eller private
eigarinteresser). No er vel ikkje idrottslaget Vålerenga nett det same som
avisa Klassekampen og pornoJensen
heller ikkje det same som AKP. Det som har skjedd med Vålerenga er dessutan
at NYE har kjøpt seg inn - det
har jo ikkje vore tilfelle i Klassekampen i samband med denne
redaktørstriden iallfall (jada eg hugsar
det utvida eigargrunnlaget).

Måten eigarane opptrer på KAN spela ei rolle. For fleirtalet av avislesarar
tippar eg at det ikkje gjer
det. Nokon meiner at eigarane har opptrådt skandaløst i/med KK. Dette er det
faktisk usemje om. Eg høyrer
med til dei som er skarpt usamd med deg i det. Det trur eg ikkje det er
mykje meining i å diskutera vidare.
Nokon har gjort opp med seg sjølve og funne ut at redaktørskiftet inneber
endå eit udemokratisk AKP-overgrep.
På desse trur eg knapt at eit samrøysta talekor frå Hartvig Sætra og Kåre
Willoch om det motsette ville ha sige
inn. For ordens skuld: Eg ser ikkje burt frå at det kan finnast eit par
menneske som er like lukka i forsvaret
sitt for allt AKP måtte finna på å gjera.

Diskusjon om dette er jamgodt med å krangla om ryggmargsrefleksar, eiga tru
og snjoen som fall i fjor. I staden
vil eg heller at folk skal engasjera seg i ordskifte om KK i framtida. Eg er
faktisk sopass optimistisk at eg trur
det ville kunne bryta opp litt av isfrontane. Diverre må eg vedgå at
skipinga av Foreningen og fondet ... har gjort meg litt
mindre optimistisk - men det er no eit sidespor.

Meininga mi med svaret til Bjørn Grønnesby var ganske enkelt at - OK so
meiner du at redaktørskiftet vart gjennomført
som eit overgrep. Eg er usamd - men det får vera. Går det ikkje likevel an å
vera samd om at det som verkeleg tel
er at Michelet og dei andre i redaksjonen lagar ei god, lærerik og
utfordrande avis innanfor råmene av føremålsparagrafen
- og at det faktisk ikkje ser ut som at ho er kommisarisk redigert.

Med helsing
Roar Madsen
Historisk Institutt - NTNU
7055 DRAGVOLL
Telefon/phone + 73 59 81 15
Faks/fax + 73 59 64 41