Avisa eller formalitetane kring ho?

Roar Madsen (roar.madsen@hf.ntnu.no)
Fri, 7 Nov 1997 09:47:56 +0100

Bjørn Grønnesby hadde eit viktig innlegg her på KK-forum der han skreiv:

"Tilfeldigvis gikk abonnementet vårt ut nå i disse dager og vi har valgt å
ikke fornye det. Det har ingenting å gjøre med at artiklene er allsidige
eller om de kan stemples som partipropaganda. Det er den måten avisa har
fått ny redaktør og ny stab på som gjør at vi ikke fornyer abonnementet."

Eg vel å kommentera dette kort fordi eg trur at denne tankegangen er utbreidd
hjå fleire enn Bjørn.

Eg les dette som at

a) Det er ikkje grunn til å vera misnøgd (eventuelt lite grunn til å vera
misnøgd) med innhaldet
i avisa, redaksjonell line, prioriteringar m.v. Iallfall sopass liten grunn
at ein ikkje finn
nokon grunn til å gjera ei sak ut av det. Med andre ord er den faktiske
avisa stort set greid.

b) Det er grunn til å vera misnøgd med prosessen som leidde til ny redaktør
og ny redaksjon.

Om det siste er det sjølvsagt røynlege usemjer, jfr. ordskifta her på
KK-forum. Mange som støtta den gamle redaktøren/
redaksjonen har hevda at den nye redaktøren og måten han vart innsett på
tyder på at KK vil verta
ein megafon for AKP evt. AKP/RV.

Dersom eg les deg Bjørn rett, har du ikkje funne tydelege teikn på det.

Kvifor er då organisatoriske forhold kring avisa (styret, redaktør og
journalisttilsetjingar) viktigare for deg
enn den faktiske avisa. Er det ikkje på grunn av innhaldet du har funne
grunnlag for å lesa avisa fram til idag -
eller har det fyrst og fremst vore på grunnlag av ein tilslutnad til den
organsatoriske råma kring KK som medieprodukt?
Og er dette ogso ein logikk du brukar når du skal avgjera om du skal tinga
eller lesa andre aviser eller sjå på
Dagsrevyen?

Eg skal ikkje dra eg ut i grøfta og tilleggja deg meiningar du ikkje har -
men dette var iallfall spørsmål som reiste seg for
MEG når eg såg det du hadde skrive. Eg beg forklåra kva som eigenleg ligg
bak resonnementet Bjørn!

Med helsing
Roar Madsen
Historisk Institutt - NTNU
7055 DRAGVOLL
Telefon/phone + 73 59 81 15
Faks/fax + 73 59 64 41