Foreninga og pengene

Pål Hellesnes (paal@feskar.net)
Thu, 06 Nov 1997 15:25:04 +0000

Janne Bromseth skriv:
"Avisa trenger penger - mye penger- og initiativtakerne til
dette fondet består da av flere forskjellige individer, med ulike syn på
avisa, som er oppriktig glad i avisa - ikke en enhetlig "front". Eller
er det bare den ene "partens" kjærlighet som teller?"

Problemet er berre det at denne foreninga ikkje vil gi pengene som avisa
treng til avisa, men til seg sjølv, for så på eit SEINARE tidspunkt å
kanhende gi det til avisa - under visse føresetnader. Sjølvsagt er
midler frå andre enn Pål Steigan, Rolv Rynning, Jorun G osb bra og
naudsynt, men her er det jo snakk om at tusenvis av kroner skal gå til
denne foreninga i staden for til avisa! Trass i alt så sitt ikkje folk
på venstresida med gigantiske økonomiske reserver som dei kan spre
utover, og om du gir til den eine, har du ikkje penger til den andre.
Eg trur dessutan at Foreninga vil virka mot si hensikt. Målet er jo å
påverka avisa, men om eg hadde vore redaktør trur eg at eg hadde vore
særs skeptisk til rådene eller forslaga ein slik forening måtte koma
med.

Venleg helsing
Pål Hellesnes