Objektive og subjektive "fakta"

Olve Steinset (olves@online.no)
Wed, 5 Nov 1997 14:33:02 +0100

Utan å kaste meg inn i "Stalin debatten" vil eg påpeike eit par ting knytt til omgrepa objektive- og subjektive forhold. Eg har ei oppleving av at subjektive forhold vert omtala som objektive fakta. Debatten trur eg vil vera tent med at ein her er noko meir audmjuk i høve til eigen analyse av subjektive forhold. Det subjektive vil alltid stå i eit forhold til det objektive, det er dette forholdet som vil vera avgjerande for den subjektive opplevinga/analysen. Ei kjensle av tryggleik eller redsle vil alltid vera knytt til våre ulike opplevingar av objektive tilhøve. Kjensla er objektiv medan opplevinga er subjektive reaksjonar på utanforliggjande objektive forhold, slike kjensler/reaksjonar fylgjer ikkje fysikken sine lover. Derfor er det ikkje uvesentleg kva slags stilling vi tek til objektive forhold.

Derfor meinar eg at Karsten Vedel Johansen (KVJ) har noko rett når han skriv føljande:
"Lenins manglende lydhørhet overfor kritikk kommer fram i at han ignorerer Luxemburgs kritikk av oppløsningen av den valgte nasjonalforsamling som en krenkelse av fundamentale demokratiske prinsipper som hun spådde vill føre til et byråkratisk diktatur, hvis den fortsatte. Hadde han og andre vært lydhøre her (kritikken rammer i like høy grad Trotski), ville han ha overveid denne kritikken og besvart den, kanskje til og med endret linje."

Ein vil alltid kunne forklåre slike val ut frå dilemma knytt til den objektiv situasjonen - men, det kan aldri bli noko anna enn ei forklåring, valet vert likevel ikkje meir rett av den grunn. Når det gjeld KVJ sin konklusjon om kvifor Lenin ikkje svarte synest den noko bombastisk og lite dokumentert, sitat: "Lenins taushet bekrefter at han og bolsjevikkene så på forholdet mellom seg selv og revolusjonære sosialister i andre land som på forholdet mellom avantgarde og masser." Dette er vel og ei subjektiv analyse av historiske objektive fakta Karsten?

MHH Olve Steinset