Re: Informasjon om "Foreningen og fondet for venstresidas

Magnar Jarle Olsen (mjolsen@online.no)
Sun, 05 Oct 1997 12:21:53 +0100

Jan Jacobsen wrote:
>
> Fra hvilket hold har du fått garantier om at AKP, med RV-ledelsen på slep,
> i framtida aldri vil benytte seg av sin kapitalmakt, for å få avsatt en
> redaktør på en slik måte at de også kvitter seg med de fleste journalistene,
> fordi de tolker formålsparagrafen forskjellig fra redaksjonen?
>
Nei det har eg sjølvsagt ikkje fått garantiar om, men inntil anna er
prova, vel eg å tru på styrefleirtalet når dei seier at redaktørplakaten
skal gjelde. Det inneber som kjent at det er redaktøren som står for det
daglege innhaldet med formålsparagrafen som rettesnor. Å gje pengar til
Klassekampens vener er difor for meg å stø den redaksjonen avisa har,
ikkje å bere vatn og ved for AKP. Så langt eg kan sjå, er det Foreininga
og fondet som freistar kome i ein slik situasjon at dei kan diktere
korleis avisa skal vere. Og når eg veit at minst ein av dei som står bak
tidlegare har gått inn for å endre både namn og formålsparagraf, er eg
skeptisk.

Eg er og usamd i de skildring av redaktørskifte. Hadde ikkje
redaksjonsklubben kome med sitt krav om tillit til redaktøren på eit
tidspunkt dei måtte skjøne styret ikkje kunne kome med ei slik utsegn,
trur eg det heile hadde gått rolegare for seg. Om Bjerke då kunne ha
halde fram, veit eg ikkje, men striden ville ikkje vorte så bitter.

Magnar Jarle Olsen