Foreninga og fondet for venstresidas dagsavis

Pål Hellesnes (paal@feskar.net)
Wed, 05 Nov 1997 10:50:11 +0000

Eg oppmodar alle til ikkje å ta del i dette fondet. I praksis vil fondet
berre tyda ein ting: At midler som ellers ville ha gått til drift av
avisa og førebuing av ei eventuell trang økonomisk situasjon, vil gå til
fondet. Det same fondet seier klårt i frå om at dei vil vurdera om dei
finn avisa "verdig" stønad i ei vanskeleg situasjon. For meg er dette
feil måte å syne "venskap" på. SJølv om eg hadde delar av avisa langt
oppe i halsen ei stund, og vart forbanna over Røssaak sine utgytingar og
frustrert over kulturstoff og endringar i layout ville det aldri falle
meg inn å la vera å selga ho, eller sluta å tinga avisa, eller å oppmoda
andre til ikkje å stø opp om ho. Etter mitt syn bør ein aktivt stø opp
om avisa for å kunne forventa å ha ei stemme i utviklinga av ho. Det å
setta vilkår for stønaden slik som det dette fondet ser ut til å gjera
vil berre gjera avisa til ein kampplass.
Er det forøvrig nokon som tviler på at AKP kjem til å selga seg ned?

Helsing
Pål