Det er ikkje gull alt som glimar

Roar Madsen (roar.madsen@hf.ntnu.no)
Mon, 3 Nov 1997 09:52:38 +0100

Trond Andresen og fleire andre på KK-forum har sterk trong for å diskutera
Stalin, Mao og
meir generelt dei røynslene som finst frå statar som har kalla seg
sosialistiske. Det er eit
prisverdig ynskje og kanskje ogso forståeleg at dette særleg kjem frå
personar i dei generasjonane
som har definert seg klårt i høve til desse sosialistiske forsøka. For andre
kan det derimot verka
litt mindre påtrengjande å klårgjera synet på alle viktige sider ved desse
personane og dei forsøka
på sosialisme dei var med på.

Slike ordskifte meiner Trond at dei eldre ml-generasjonane er ute or stand
til å vera med i. Difor
vil Trond heller diskutera med Raud Ungdom. Sjølv om dette teiknar eit lite
flatterande bilete av
"dei eldre", kan det ved fyrste augnekast sjå ut til at Trond her tek
ungdomen på ålvor. Dette trudde
eg heilt til eg hadde lese det han skreiv:

"Slik jeg ser det er det mye viktigere å diskutere disse tingene med den
yngre generasjon sosialister og kommunister. Ser vi f.eks. på Rød Ungdom. er
situasjonen fortsatt åpen. Man finner alt fra doktrinære ML-broilere som er
enda mer miljøskadd enn sine foreldre (som tross alt måtte finne fram til
sitt ståsted for egen maskin), til godt skolerte, dyktige, (og ikke minst)
intellektuelt redelige unge mennesker.
>
>Jeg runder av med en utfordring til den oppegående delen av Rød
>Ungdoms medlemmer:"

For alt eg veit kan det godt vera tilfelle at ein god del RUarar er
"doktrinære ML-broilere
som er mer miljøskadd enn sine foreldre" - og som då i motsetnad til dei i
RU som måtte vera samde med
Andresen ogso underforstått er mindre godt skolerte, mindre dugande og
mindre intellektuelt
redelege. Dei er heller ikkje med i "...den oppegående delen av Rød
Ungdom..."Dette er i tilfelle
konklusjonar som må grunngjevast konkret og godt og ikkje berre spreidast
som "politisk" slarv på
KK-forum FØR ordskiftet byrjar.

Sjølv om eg ikkje trur eg vil vera samd med Trond Andresen i eitt og alt i
eit konkret Stalin og Mao-ordskifte,
er eg faktisk samd med han i at det er for lite ordskifte om dette. Det kan
godt vera at Trond sine
psykologiske forklåringar kan vera ei viktig årsak til dette.

For min del trur eg at (orsak den paradoksale karakteristikken av
uforsonlege antistalinistar) det svidande
kravet om rett tru, dei sterke karakteristikkane av dei ikkje rett-truande -
og den klåre utdefineringa av desse
er ein viktig grunn. Andre ville kanskje ha kalla dette ei stalinistisk
tilnærming. Same kva ein måtte meina om
Stalin og om RU sitt syn på Stalin kan det vel ikkje vera noko god start på
eit ope ordskifte å koma trekkjande
med konklusjonar om at (store?) delar av dei ein vil diskutera med er
miljøskadde, kunnskapslause, duglause, intel-
lektuelt mindreverdige o.s.b. Meir enn noko anna vitnar slikt om ein
arroganse og ei haldning til folk som er forkasteleg.

For min del skyner eg godt at folk skyr slike ordskifte med t.d. Andresen og
Vedel Johansen som pesten. Dersom
de er so forbanna sikre på å sitja med den historiske fasiten om kva som er
rett og gale i desse spørsmåla, dersom det er so
sikkert at andre personar eller fløyer er mindre opplyste m.v. - KVA HAR DE
DÅ Å TAPA PÅ Å OPPVISA
ORSAK UTTRYKKET LITT GOD GAMALDAGS BORGARLEG DANING???

Trond skriv vidare:

"Spør dere sjøl: Hva er det å lære av den såpeoperaen som nå avspilles for åpen
>scene her på KK-forum angående maktkampen i SOS Rasisme?
>Ser dere koplingene til ML-tradisjonens demokrati- og organisasjons-syn
"

Såpeopera var slett ikkje noko dårleg uttrykk. For dei lite informerte er
det iallfall
ei lite gjennomtrengjeleg smyrje. Det er ikkje gull alt som glimar - og
heller ikkje
stalinistiske AKP-kupp alt som stinkar. Difor spyrst det vel om me ikkje
skal venta til
maskene er kasta og me har fått eit meir klårgjerande ordskifte om
SOS-rasisme før me
uttalar oss om koplingane mellom denne saka og "ML-tradisjonens demokrati-
og organisasjons-
syn." Samd Trond - eller sit du her inne med meir innsikt som gjer deg i
stand til å konkludera?
I tilfelle ynskjer iallfall eg at du deler denne med oss andre på KK-forum.

Med helsing
Roar Madsen
Historisk Institutt - NTNU
7055 DRAGVOLL
Telefon/phone + 73 59 81 15
Faks/fax + 73 59 64 41