Re:_Bjerke-fløyen__uttaler_seg_--_men_ikke__her!

Magnus Marsdal (marsdal@feskar.net)
Sat, 1 Nov 1997 23:27:51 +0000

Ja, dei uttaler seg. Og det er ikkje tvil om at avisa Klassekampen er
eit steindaudt prosjekt, skal vi tru det vi kan lesa frå det haldet.

- Det som er mest vemodig er likevel å se på at det som skulle bli
hele venstresidens avis nå er et fullstendig dødt prosjekt, seier
Ingrid Brekke til Journalisten.

Partiavis, trangsynt, utan journalistisk integritet. Slik er
Klassekampen, om vi skal tru dei som no forlet avisa.

Korleis veit dei dette? Er avisa blitt slik etter at Michelet tok
over, allereie? Då kan vi vel få ei rad gode døme, prov med andre
ord. (Er kanhenda dagens oppslag med Sosialistisk Ungdom - heil side
inni og bilete på framsida, laurdag - (langt meir enn Bjerke-KK eller
Ny Tid ville gjeve dei) eit utslag av at KK har blitt partiavis? Er
også SU-aktivistar søl og møl?)

Om KK ikkje er slik enno, korleis veit Brekke og andre at ho kjem til
å bli slik snart/om ei stund? Er dei synske?

Nei. Sanninga er at dei KAN ikkje vita. Kva Klassekampen blir under
Jon michelet er ikkje avgjort enno. Avisa skapast. Framtida vil syna
kven som hadde rett ispørsmålet om kva eigarane og JonM vil.

Kva er DÅ dei bastante påstandane om kor jævlig KK no er/blir?

Lite anna enn freistnader på å skada avisa, evt. rettferdiggjera den
krigerske framferda mange synte fram til JonM var tilsett og kampen
var tapt. Dei kan òg vera freistnader på sjølvoppfyllande profeti,
det er klårt at jo fleire som seier at KK er ei nederlagsdømd avis,
jo fleire vil tru på det, og jo meir nederlag vert det.

Utsegnene til Brekke, Bjerke med fleire er i alle høve IKKJE noko uttrykk for at desse folka
ynskjer avisa Klassekampen hell og lukke frametter. Det er heilt
sikkert.

Om dei får rett i sine vurderingar av at KK blir ei snever partiavis
får framtida syne. Historias dom, og alt det der...

Når det gjeld historias dom over eigarane (AKP) si vurdering av
ex-redaktøren og dei av ex-redaksjonen som no leverer
domedagsprofetiar over KK, ser han ut til å vera fallen allereie. Kva
tilhøve desse folka verkeleg har og hadde til avisa Klassekampen blir no
klårt for alle som vil sjå.

Magnus E. Marsdal

PS

Eg vil oppmoda "sentristar" i KK-striden (om dei framleis finst) til
å samanlikna handsaminga den sitjande redaksjonen gjev lanseringa av
Foreningen & fondet for venstresidas dagsavis med den handsaminga den
tidlegare redaksjonen gav avis-eigarane lanseringa av Jon Michelet.

DS