RU - AKP?

David_T._Sørmark (david@feskar.net)
Thu, 30 Oct 1997 12:38:03 +0000

Eg kastar meg ut i ordskiftet, kanhenda litt seint, men likevel...

> RU
> tviholder på posisjonen som AKPs ungdomsorganisasjon

Vel. Raud Ungdom er jo faktisk ungdomsorganisasjonen til AKP.
Og det har ikkje vore noko ordskifte i RU dei siste 4 - 5 åra om RU
skulle bryta med AKP eller ikkje. Og sidan AKP har eit oppegåande og
stabilt partiapparat, med mykje røynsler som er til hjelp for RU i
dag, og når AKP i tillegg stort sett har ein fornuftig politikk, ser
eg ingen grunn til RU skulle bryta med AKP.

>og i den grad RUere
> uttaler seg om fortida legges det stor vekt på at partiet har en historie
> det kan være stolt av.

Nåh.
Det høyrast ut som om RU'arar aldri kritiserar AKP. Det er feil. Men
me kritiserar stort sett ikkje AKP (eller RV) i pressa, eller på ope
forum. Du har tydelegvis dårleg kontakt med Raud Ungdom. Skaff deg
det før du uttalar deg.

> Derfor er
> det så alvorlig når RVs ungdomsorganisasjon fortsatt knytter seg til AKP og
> dermed fører ungdom inn i en tradisjon som har vært bygget på stalinistiske
> elementer som ettpartistat, partistyring, elitekaderparti - samtidig som RU
> (sett fra utsiden) stiller seg likegyldig til hva denne tradisjonen har
> stått for og ført til.

Dette blir berre verre og verre. Om du ikkje kan akseptera meiningane
til RU og AKP så får du vel heller la vere og kommentera dei. Det som
er ganske interessant er at Raud Ungdom i dag er dobbelt så stort som
for eit år sidan. Sjølv om me seier ganske klårt i frå at me er
ungdomsorganisasjonen til RV og AKP.

Det som er alvorleg er at du ikkje kan akseptera at du er i eit
veldig lite mindretal om å tykkje det er

"...så alvorlig når RVs ungdomsorganisasjon fortsatt knytter seg til
AKP..."

Storparten av RUs medlemmer har gode røynsler med AKP, og
ser ikkje på AKP som farlige stalinistar som et små born til frukost.
Og eg seier det endå ein gong: RU er ungdomsorganisasjonen til RV OG
AKP.

Det finst faktisk dei som tykkjer det er ganske alvorleg at RU
framleis knytter til seg RV.

Men, me er faktisk også ungdomsorganisasjonen til RV, faktisk er Raud Ungdom
fristilt frå RV/AKP. Og kan difor velja sjølv kven dei vil samarbeida
med til einkvar tid. Og RUarar står fritt til å melda seg inn i RV,
og til å melda seg inn i AKP, om dei vil det. Og faktisk er det
ganske mange som gjer det.

Eg vonar KK-forum kan bli nytta til å diskutera andre ting enn kor
alvorleg det er at ein ungdomsorganisasjon faktisk _er_
ungdomsorganisasjonen til moderpartiet sitt. Like alvorleg som at AUF
faktisk held fram med å vere ungdomsorganisasjonen til DNA.

David T. Sørmark