Kommunikasjon_er_så_mykje

Olve Steinset (olves@online.no)
Tue, 28 Oct 1997 13:15:24 +0100

Det er ikkje uvesentleg korleis ein står i høve til kvarandre, ikkje
politisk heller.

Klokka var passert halv ti og karane sat framleis og nytte "9 kaffien",
inne på kontrollrommet for siloanlegget. Då kom han setjande - "ilderen",
denne kort vokste og butte arbeidsformannen. Det var tydeleg at han hadde
skrudd seg kraftig opp før han entra lokalet, andletet var like eldraudt
som varsellampa ute på silokranen. Han stilte seg midt fram på golvet, med
hendene godt planta i sida. "Har de svarten ikkje anna å gjera på enn å
sitja på ræva og pimpa på kaffi?. No må dette for ein gong skuld taka
slutt, den neste eg finn her inne, som ikkje har anna å bestille, kan ta
kaffiflaska, matboksen og sysakene sine og pella seg heim att." Han var så
oppteken av si eiga svovelpreike , la ikkje merke til at "lange-Jon" hadde
komme inn døra bak han og stilt seg opp på sida av han. Lange-Jon legg den
svære neven sin ned på skuldra hans, kremtar og seier: "Godt sagt!, eg har
ofte tenkt, når eg og du står slik i høve til kvarandre - so e me liksom
ti. Ja - fø eg e ein og du ikkje anna enn eit null og da vert 10 når me
står slik!"