Stå_ved_Karsten!

Olve Steinset (olves@online.no)
Fri, 24 Oct 1997 00:42:06 +0100

Ingen har kritisert deg for dine konstruktive innlegg Karsten, som dei du
til dømes sjølv nemner - tvert om, Geir Sundt takka deg slik:

"Jeg blei først i dag oppmerksom på at Karsten Vedel Johansen har utfordra
meg til en debatt om transport og forurensing. Dette tar jeg gjerne imot,
det er ei viktig og nyttig problemstilling og jeg vil komme med et innspill
så snart jeg får hodet over vannet.

Jeg blei ellers glad for innlegget ditt. Vi kan alle trenge å se oss over
skuldra av og til og være voksne nok til å se at vi kanskje gjør en feil i
ny og ne."

Personleg synest eg du har svært mykje å fara med. Ingen, absolutt ingen,
Karsten, har sagt noko anna - kritikken har ikkje vert innhaldet men forma,
dei innhaldslause sjablonane dine. Absolutt ingen nektar deg å skrive ein
sviande kritikk av Stalin, av Pol Pot eller av Moskvaprosessane eller kva
du måtte ynskje å reisa ein debatt om. Det eg, og eg skal berre snakke for
min eigen del, krev er min klare rett til sjølv å velje om eg vil delta i
den debatten eller ikkje. Retten til sjølv velje om eg vil taka stilling
til det du skriv eller ikkje. Den retten krev eg Karsten.

Svært synd om du forlet forumet - det er mi oppriktige meining!!

Venleg helsing
Olve Steinset