Lite nytt under sola

Oddmund Garvik (garvik@serveur.interliger.fr)
Wed, 22 Oct 1997 23:07:46

Eg kom over KK-Forum heilt tilfeldig. Eg har ikkje lese Klassekampen så
ofte dei siste åra, siste gongen må ha vore i fjor haust. Eg reiste frå
Noreg tidleg på 80-talet, og har sidan berre sporadisk fylgd den norske
politikken. Kvar gong eg var attende i gamlelandet ein tur, kjøpte eg
Klassekampen. Dei siste gongene tykte eg avisa var nokså keisam, men klarte
ikkje å finne ut kvifor. Eg gav i grunnen pokker, sjølv om eg tykte det var
litt trist. Eg fann heile Noreg nokså trist. Landet har forandra seg mykje,
og eg har vel kanskje forandra meg litt også.

I si tid gav eg tusenvis av kroner til Klassekampen, trykkeriet og andre
kampanjar, enda kor fattig eg var. Eg var ein av dei mange entusiastane som
fløymde over av revolusjonær glød, og som var med på å byggje opp den
revolusjonære rørsla. Eg proletariserte meg til og med i fleire år, etter
ein sommarleir midt på 70-talet. Heile denne tida verkar litt patetisk i
dag, men eg angrar ikkje på at eg var med på dette. Eg deltok på den første
studiesirkelen i marxismen-leninismen/Mao Tse Tungs tenking i 1968. Eg
melde meg ut av AKP (m-l) i 1979. Sidan var det adjø til Noreg, og over til
eit anna liv som anonym ikkjeperson og utanlandsnordmann.

Eg har aldri gitt avkall på det som i ung alder førte meg inn i den
revolusjonære rørsla. Det var likevel underleg å koma attende i nærleiken
av dette miljøet, og sjå at den gamle spikersuppa framleis står der.
Komfyren er gamal og lunka, og veden er visst blaut. Det hjelper ikkje same
kor mykje dei høgmælte freistar få fyr på elden. Dei bles og spyttar, men
elden ser ikkje ut til å vakne. For dei spyttar eddik og galle, og heile
greia er berre eit ordspel om makt.

For å gjera dette litt mindre kryptisk, kan eg seia at eg miste respekten
for AKP-toppane (sentralkomiteen) i si tid, og difor melde meg ut av
partiet. Eg veit ikkje kva dei står for i dag, og uttalar meg ikkje om dei.
På den andre sida har eg aldri hatt noko til overs for opportunistane i
SV-toppen. Det har vore eit eller anna instinktivt i alle dei år, og er det
framleis. SVarar? Det kjem an på. Eg kjenner ikkje mange... Minst av alt
likar eg dei sjølvhøgtidelege "kritiske marxistane" - "filosofane" og
pratmakarane. Når eg no i to dagar har lese gnålet deira, kjenner eg dei
att frå "gamle dagar". Det er lite nytt under sola.

Eg har prinsipielt lite respekt for "toppar", eller andre som oppkastar
seg. Eg trur ikkje lenger på nokon kommunistisk avantgarde, heller ikkje på
den demokratiske sosialismen, eller sosialdemokratiet. Eg trur slett ikkje
på ordkløyveriet til dei "kritiske marxistane". Eg veit jamvel ikkje om det
finst ei "venstreside". Så lenge dei forskjellige fraksjonane som definerer
seg til vestre framleis driv og kranglar seg imellom, blir alt snakk om
"venstreside" nokså meiningslaust.

Eg veit det finst ærlege og likeframme folk, men dei er diverre fåmælte.
Dei høyrer til den store flokken av undertrykte i verda, som kanskje bannar
kvar dag, og som kanskje har opprør i blodet, men som er nøydde til å "gå
til verket", same kor meiningslaust det er. "Framtida" er noko heilt anna
enn det farisearane innbiller seg. Framtida er diffus, og langt borte. Det
er betre å snakka om det som skjer i dag. Eg har større tru på notida og
det spontane. Eg har tru på det folkelege, den spontane oppstanden utan
innblanding frå alskens kommissærar, same kvar dei kjem frå. Eg er lei av
slike som alltid skal hauste laurbær, og skryte av seg sjølve, og sin eigen
vesle flokk.

Klassekampen kunne kanskje bli eit talerør for folket. Det kan hende at
"maktovertakinga" i redaksjonen var uheldig i forma, men dette er ikkje
hovudproblemet etter mi meining. Det er lite fruktbart å halde fram med
denne debatten om AKP-kupp osb. Hovudproblemet er å få til ei oppegåande
avis, som er eit talerør for folket, og ikkje berre for ein liten elite.

Eg kjenner ikkje Jon Michelet, og har berre lese eit par av dei fyrste
bøkene hans. Eg høyrde han på utanlandssendinga til NRK her om kvelden,
blanda med spanske radiorøyster, og mykje sus og knitring. Eg fekk ikkje
med meg alt han sa, men det var eigentleg det som vekte interessa mi, og
som førte meg hit til KK-forum. Eg har lese fordømmande og kverulantiske
innlegg om den "nye" Klassekampen, og eg har lese innlegg frå forsvararane
av det som har gått føre seg. Sjølv vil eg ta det litt med ro så lenge. Det
er ikkje eit spørsmål om liv og død. Det finst viktigare ting i verda. Lat
den nye redaktøren og medarbeidarane hans få litt tid på seg til å vise kva
dei kan. Om resultatet blir dårleg, forsvinn avisa for godt, men det veit
dei nok. Blir resultatet bra, er det "tant mieux", og avisa blir ei "stor",
norsk avis. Blir resultatet midt mellom, held Klassekampen fram som ei
lita, sekterisk avis for "avantgarden" enda ei stund. På lengre sikt er det
sjølvsagt daudfødd, og strake vegen attende til utgangspunktet. No til dags
finst det truleg ikkje livsgrunnlag for ei slik dagsavis.

Skal Klassekampen halda fram, og vera levedyktig, må avisa opne seg, bli
eit talerør for mange, langt utover Oslogryta, universiteta og høgskulane.
Langt utover grensene til AKP, RV og aktivistar. Held redaksjonen tunga
beint i kjeften, trur eg dei klarer å halda ein revolusjonær profil utan å
gi avkall på pluralismen. Har ein tru på ideane ein står for, treng ein
ikkje vera redd for mangfaldet.

Eg har tru på ei partipolitisk uavhengig avis med ein klår formålsparagraf.
Dette skulle ikkje vera så vanskeleg å få til. Me klarte å få til
Klassekampen som dagsavis i si tid. Det har vore mykje att og fram, men
avisa er framleis i live etter alle desse åra. Det ville vera ille om ho
forsvann. Resultatet av det siste stortingsvalet i Noreg viser at det meir
enn nokon gong trengst ei slik avis. Eg ynskjer såleis den nye redaktøren,
og alle dei andre som arbeider for avisa, lykke til i arbeidet. Det ville
vera meiningslaust å ynskje noko anna.

Voil=E0, det var alt. Det blei litt langt, men slik er det når ein har halde
kjeften i så mange år...

Oddmund Garvik, einkvan staden på den europeiske sletta.