Hakk i plata (men hvilken plate?)

Roar Madsen (roar.madsen@hf.ntnu.no)
Wed, 22 Oct 1997 18:34:14 +0100

Du skriv:

"Det er tonen, Roar. Hver gang noen kritiserer AKP her, så har vi dette
skingre hyleriet, denne kolossale følsomheten, som kveler enhver fornuftig
debatt."

Eg er ikkje av dei mest kjenslevare - og eg greider godt å leva med at du meiner
at eg har gjort meg skuldig i "dette skingre hyleriet". Eg trudde faktisk at
eg hadde
skrive i klårtekst at ordskifte om sosialismens historie (irekna overgrep og
tabbar
sjølvsagt var OK). Ordskifte om mål og middel her og no er ogso OK.

Det eg ikkje synst er OK er denne trongen til å stempla folk som stalinistar
fordi
dei til dømes ikkje er i stand til å vera med på ein knallhard kritikk av
styret i KK
for å ha tilsett Jon M. Kanskje er eg naiv, men eg ser ikkje at dette er
jamgodt med
støtte til GULAG og eg ser heller ikkje at det vil føra til ei ålmenn
brutalisering
av norsk politikk.

Det ligg i dette at eg faktisk er usamd med deg i at dette har noko med
"fornuftig debatt"
å gjera. Spør du meg ville eg heller ha kalla det knefall for trong til
rituelle stammemord på
den sokalla venstresida. OK - kanskje var det litt skarpt formulert - men
ettersom nokon i dette
ordskiftet ropar høgt om toleranse for andre syn på kva som burde vore gjort
i/med KK-redaksjonen,
er det kanskje ikkje urimeleg å krevja toleranse for andre syn på kva som er
"fornuftig debatt".
Altso utan å risikera å verta stempla som utøvar av "dette skingre hyleriet,
denne kolossale
følsomheten" - berre fordi me ikkje synst det er so forbaska interessant
eller opplysande kven
som er flinkast til å gjera retoriske koplingar mellom namn på debattantar,
syn på KK-spørsmåla,
tvilsame motiv og stemplande karakteristikkar.

Du skriv:

"Hva kommer det av? Det må da interessere en historiker?"

Avvisinga mi av dette som eit konstruktiv ordskifte kjem av at eg oppfattar
det som svært
sekterisk, svært dømande - og som definert av trongen for å utdefinera
meiningsmotstandarar.
At eg tilfeldigvis er historikar gjer meg ikkje meir interessert i slike
ordskifte. Sidan du spør
so skal du få svar: Eg oppfattar lett meiningslause ordskifte i borgarlege
parti i Noreg på
1960-talet (dei studerer eg nett no) som meir interessante og relevante enn
det kvasiordskiftet
sume driv for tida.

Du skriv:

"Det finnes
>en berømt historie om han som er satt til å holde innlegg for sine velgere
>og på et sted i manus har partisekretæren tilføyd i margen: (argumentasjonen
>svak - hev stemmen!) Det er vel ikke helt irrelevant her? Hva mener du
>f.eks. om det Steinset skrev om Anders som elsker av Håkon Lie (netopp
>Anders som i sin tid opplevde å bli anklagd av AKP som "objektiv"
>CIA-agent!) og nå Steinsets totale missforståelser av mitt innlegg og hans
>konspirasjonsteorier fordi andre også har sett missforståelsen?"

Eg er samd i at veikt argument - hev røysta ikkje er noko god oppskrift på
skikkeleg ordskifte.
Sjølv om eg sjølve har kritisert Anders Ekeland for hans rolle i dette
ordskiftet, og ogso for
det demokratiske sinnelaget han har lagt for dagen - tyder det ikkje at eg
trur han elskar
Håkon Lie. At han elskar å driva klappjakt på AKP og driva politisk
skuggeboksing imot stalinismen
er noko anna. I lengda vert det sopass monomant at dei som driv på det viset
berre utdefinerer seg
sjølve. Det er trist for Anders kan ha mangt å fara med... Dermed har eg vel
distansert meg nok
frå det Olve Steinset har sagt om Ekeland...? Vidare tek eg sjølvsagt
fråstand frå skuldingar om at Ekeland
er "objektiv CIA-agent." Det siste ordskiftet mellom deg og Steinset har eg
beint fram ikkje skyna anna
av enn at det ser ut til å vera sterke kjensler på båe sider.

Du skriv:

"At det ikke
>trenger å være slik fatt med forhenværende maoister finnes det mange
>eksempler på - la meg bare nevne Benito Scocozza (dansk historiker, tidl.
>formann for dansk KFML/KPML, kronikkskribent i KK). Jeg vil anbefale at man
>leser hans tanker fra de senere år. En tidligere formann for det vesttyske
>KPD og mange i samme lands KPD/ML kunne også nevnes. Hvorfor leses de så
>lite av sine tidligere kampfeller i AKP?"

Svaret mitt er - eg veit ikkje. Dessutan må eg i min ignoranse vedgå at eg
ikkje har lese meir av
Scocozza enn hans band i den danske "Socialismens historie". Istaden for å
hinta til oss ignorantar
kva me burde skjemst over å ikkje ha lese - kunne du kanskje heller fortelja
oss meir i klårtekst
kvifor me burde lesa meir av denne mannen. Når det gjeld AKP - so er det
framleis slik at eg ikkje
svarer for dei. Hallo AKP kvifor les de ikkje meir av Scocozza? (eller
kanskje gjer de det?).

Med helsing
Roar Madsen
Historisk Institutt - NTNU
7055 DRAGVOLL
Telefon/phone + 73 59 81 15
Faks/fax + 73 59 64 41