Hakk i plata

Roar Madsen (roar.madsen@hf.ntnu.no)
Wed, 22 Oct 1997 09:57:58 +0100

Eg sluttar meg til Geir Hem sitt innlegg

"Jeg mener det er viktig med en kritisk diskusjon om bruken av begrepene
trotskist, stalinist, leninist og andre ister. Men det henger sammen med en
tilsvarende kritikk av kategorisering ANTIISTER. Når dere nærmest
prinsipielt kaller andre for ister og forlanger antiisme, blir dere ikke da
selv ister (nyrelgiøse)? - Er det ikke en minste fare for dette?"

Eg synst det er svært viktig å diskutera røynslene frå/med sosialisme - det
er greidt nok.
Eg synst ogso det kan vera viktig å diskutera metodane ein nyttar for å
vinna gjennom med sitt
i det dennesidige (eg meinte sjølvsagt under kapitalismen - slapp heilt av).
Derimot synst eg
det er direkte nedslåande å vera vitne til vulgærordskifte der nokon heilt
tydeleg ser det
som eit hovudmål å stempla andre som stalinist (eller annan -ist), og der
dette vert kopla med
ålmenn mistenkjeleggjering. Direkte pinleg vert det når slike ordskifte i
tillegg vert "blanda
inn" i andre ordskifte.

Det er so monomant, det er so religiøst, det er so sekterisk, det er so
keidsamt. Det finst
mange nok grunnar til å mislika den sokalla venstresida - gjev oss ikkje
fleire!

Kanskje burde eg ha spara meg for å skriva dette innlegget. Kanskje er det
nokon der ute som
definerer denne meiningsytringa som det same som AKP ville ha sagt og i
tillegg reknar meg for å vera
ein av desse ukjende som berre dukkar opp for å vera lakei. Folk som reknar
seg som anti-stalinistar
og meir patente demokratar enn oss Michelet-lakeiane (NB: Ironi...), burde
tenkja seg om to gonger. Eller har
antistalinisme no faktisk fått ei ny tyding: utdefinering og
mistenkjeleggjering av meiningsmotstandarar???

Med helsing
Roar Madsen
Historisk Institutt - NTNU
7055 DRAGVOLL
Telefon/phone + 73 59 81 15
Faks/fax + 73 59 64 41