Re: Revolusjonen et sine barn

Olve Steinset (olves@online.no)
Tue, 21 Oct 1997 12:41:21 +0100

God dag Edvin Helgheim!
Hyggeleg å finna eit innlegg frå deg her på KK-forum.
Ja, sjølv for "ein Olve Steinset, slik du vel å karakterisere meg, "parkert
AKP-ar" er avisa Klassekampen verkeleg verd å kjempa for. (No er du nok
ikkje heil oppdatert om min "sivile status", men det let eg ligge - dei som
ynskjer ei slik oppdatering, også du Edvin, kan få det, tilsendt på
personleg mail, ved å melde frå om behovet - bruk mi mail-adresse).

Eg vil ikkje gå inn i nokon polemikk med deg om, striden i og rundt
Klassekampen, kan parallellførast til kulturrevolusjonen - trur ikkje
eingong at du i fullt alvor meinar dette.

Det eg vil kommentera er følgjande utsegn frå deg:
"Men gløden var stor. Som han no er i enkelte krinsar rundt KK, som
opplever den glødande debatten, støtteoppropa, pengegåvene, som eit steg
framover for den revolusjonære rørsla. Ei kjensle av gode gamle dagar."

Ja, kan hende opplever du det slik, men det gjer ikkje eg. Mitt
utgangspunkt og mitt engasjement er nok noko langt meir beskjeden enn dine
opplevingar. Eg vil berre gje mitt bidrag til at avisa Klassekampen skal få
eksistere, fordi eg verkeleg meinar det er trong for ei slik avis her i
landet. Etter som eg skjønar er vi ikkje så usamde om det.

Vidare skriv du:
"Men når blåmåndagen kjem, når alle arbeidarkorrespondentane oppdagar at
dei ikkje har tid til å vere journalistar på fritid i ei profesjonell avis,
når gamle avisseljarar oppdagar at 90-åra ikkje er 70-åra, når den
halvparten av abbonentane som ikkje har AKP/RV-fortid/notid gjev opp fordi
avisa ikkje lenger er for dei - - - då er det for seint: Då kan avisa vere
tapt. Det vil vere det store tapet for ei ei heil venstreside - ikkje minst
RV, som ikkje kan overleve utan."

Ja, så får vi gjera vårt for at det ikkje skal gå slik - unngå ein avislaus
blåmåndag. Legge til rette for at avisa kan ha ein stab gode og proffe
journalistar, hjelpe til slik at avisa kan tryggast økonomisk gjennom å
ha/få nok abonnentar etc.. Her er det rikeleg å ta fatt i Edvin - vil du
vera med så heng på! Det kan sikkert gå an å verva ein del nye abonnentar
til Klassekampen i Florø, trur du ikkje?

MHH (Ein) Olve Steinset :-))