Re: Eit spxrsmel

Magnar Jarle Olsen (mjolsen@online.no)
Tue, 21 Oct 1997 10:22:59 +0100

Lars Staurset wrote:
>
> Magnar Jarle Olsen skreiv:
> >To kulturmedarbeidarar slutta dei siste kritikkane sine med at dette var
> >siste gongen dei skreiv i Klassekampen.
> >Var dei redde for at ingen ville legge merke til at dei hadde slutta
> >elles?
>
> Kva slags oppførsel er dette?
> MÅ du strø salt i opne sår?
>
> Lars Staurset

Spørsmålet mitt var ein reaksjon på å blande striden om Klassekampen i
ein artikkel som handla om noko heilt anna. At dei ville slutte å skrive
i avisa hadde dei dessutan sagt frå om før. Så kvifor taka det oppatt i
den samanhengen. Eg opplever det som ei småfurten "vi fekk det ikkje som
vi ville, no kan dere ha det så godt"-haldning.

At avisa takkar for innsatsen er noko heilt anna, og sjølvsagt på sin
plass!

Magnar Jarle Olsen