Lyt KK-forum vera moderert?

Filip Stokkeland (filip@online.no)
Tue, 21 Oct 1997 07:53:24 GMT

(Før eg tek til: Ver så venleg å ikkje send innlegg i html-format. Det
er litt slitsamt for oss som må opna slike meldingar i ein nettlesar
for å få opp innhaldet.)

Eg er ikkje heilt sikker på om dette er eit svar til Omid eller ikkje,
men det er i alle fall ei ytring om korleis KK-forum burde vera.

Eg skjønar godt kvifor folk ynskjer seg eit moderert forum -- eit
forum som lukar ut dei innlegga som har verst stil og dårlegast tone.
Derimot trur eg ikkje at det mogleg å få det til å fungera på ein god
måte.

Det vil dukka opp fleire problematiske spørsmål som t.d.:
Kven skal vera redaktør/moderator?
Skal det vera ein eller fleire redaktørar?
Kven har _tid_ til å ta eit slikt andsvar?

Men viktigare er det at eg ikkje trur det kjem til å fungera. Eg trur
ei slik moderering i praksis vil føra til at ordskiftet ebbar ut, at
innlegg hopar seg opp hjå moderator, og kjem i bolkar ut til dei som
er med på distribusjonslista/forumet. Eg fryktar at eit
moderator-styrt KK-forum vil verta eit daudt KK-forum. Eg har nemleg
til gode å oppleva å ha vore med på ei einaste moderert
"mailing-liste" som har hatt gode ordskifte med mange aktørar.
Moderering er derimot ein klår føremon på lister som berre skal
distribuera informasjon (dvs. ikkje fungera som ordskifteorgan).

Derimot skulle eg ynskja at KK-forum var ei nyhende/ordskiftegruppe
(=Usenet), dvs. at forumet låg på ein eigen "News"-tenar, og at folk
måtte bruka program som laga for å ta del i slike diskusjonsgruppen.
Fordelen med dette, ville vore at dei fleste ville hatt program som
sorterer innlegga i "trådar" etter emnet ("subject"), og som har høve
til å velja å ignorera ulike tråda, filtrera meldingar osb.

Det er ikkje umogleg å ei slik e-postdistribusjonsgruppe som me har i
dag til å fungera på denne måten. Eg nyttar sjølv eit e-post program
som har kraftige filtrerings- og sorteringsfunksjonar, men dersom
dette skal fungera, må ikkje folk endra "subject" heile tida. Men det
er vel slik det vert så lenge det er e-post. Då formulerer folk eit
emne som passar best mogleg med innhaldet i meldinga. Det gjer at det
er vanskeleg å få sortert dei ulike diskusjonane i trådar/trestruktur.

-F-