Re: Revolusjonen et sine barn

Magnus Marsdal (marsdal@feskar.net)
Mon, 20 Oct 1997 20:54:29 +0000

Men når
> blåmåndagen kjem, når alle arbeidarkorrespondentane oppdagar at dei ikkje
> har tid til å vere journalistar på fritid i ei profesjonell avis, når gamle
> avisseljarar oppdagar at 90-åra ikkje er 70-åra, når den halvparten av
> abbonentane som ikkje har AKP/RV-fortid/notid gjev opp fordi avisa ikkje
> lenger er for dei - - - då er det for seint: Då kan avisa vere tapt. Det
> vil vere det store tapet for ei ei heil venstreside - ikkje minst RV, som
> ikkje kan overleve utan.
>
> Vi hadde hatt bruk for Klassekampen.
>
> Edvin Helgheim,
> Florø
>
>
>

Jau, dette er jo eit resonnement, det verkar ikkje vera tvil om at du
meiner det du skriv. Det finst likevel uklåre ting i resonnementet,
og vil spørja om ein av dei:

Når folk som røystar SV om ei stund gjev opp Klassekampen, fordi
avisa "ikkje lenger er for dei", kva stoff er det då som har
forsvunne? Kva er det Michelet og dei som kjem inn i staden for dei
som no sluttar i protest kjem til å fjerna? Eller leggja til, slik at
avisa berre blir for dei som likar RV eller AKP best?

Dette er heilt avgjerande spørsmål. Fordi dei er del av det KONKRETE
ordskiftet og den VERKELEGE avisa, og dei røynlege lesarane. Ikkje
berre det ålmene ordskiftet, om fordommane mot JonM og dei hypotetske
reaksjonane til ei uklårt definert lesargruppe.

No er JonM tilsatt. Den konkrete avisa blir laga kvar dag. Vi kan
koma i gang med det røynlege ordskiftet om kva vil vil at avisa skal
skriva om, og korleis. I staden for slagordprega maktkamp. Gje ditt
bidrag, Edvin Helgheim, det kan sikkert koma til nytte!

Magnus Marsdal

--- P t o t h e P ---