Revolusjonen et sine barn

Tone Aaserud (toneaa@vestdata.no)
Mon, 20 Oct 1997 20:15:56 +0100

Eg burde vel ikkje blande meg i debatten, familiært berørt som eg er, og
dessutan tilhøyrande dei som i gode gamle KK-dagar vart definert som
hvoudfienden:SV-arane. Men eg har altså vore abbonent i ganske mange år, og
har derfor følgt utviklinga i avisa som etter kvart har blitt ganske
vanskeleg å klare seg utan: Først når du les KK, ser du kva dei andre
avisene IKKJE skriv om. Ikkje minst den utanrikspolitiske dekninga overgår
alle andre aviser, i EU-kampen var gav/gjev avisa heilt grunnleggande
informasjon, og i likeeins for dei som ville følgje med i den norske
utvisningspolitikken, og avisa har kultursider! At KK med sine ressursar
produsere si laurdagsavis, var utruleg - og overgjekk alle sine
konkurrentar over 100.000 i opplag. Avisa har hatt ei respekt langt inne i
statsmedia som NRK, ofte sitert, og det har vore til styrke og reklame også
for eigarane.

Dette har eg prøvt å fortelje mine SV-vener om, slik at dei kunne få eit
alternativ dei som for 10 år sidan slutta å kjøpe Dagbladet.... KK var i
ferd med å bli ei samlande avis for ei skrantande venstreside. Eg vågar
altså å rekne SV til venstresida, og etter eit val der SV+RV tilsaman
oppnår halve FRP-oppslutnaden, skulle det sanneleg vere behov for å så
saman.

Siste tiders bølgjer rundt KK i avisspaltene, i styreromma og ikkje minst
på KK-forum, skjønar eg at vi skal tilbake til "gode" gamle KK-dagar. Gamle
klassekjemparar gløder som dei ikkje har gjort på eit titals år.
Engasjementet er igjen på topp. Endeleg har parkerte AKP-arar fått ei SAK å
kjempe for og ein FIENDE å kjempe mot. Ein Olve Steinseth, som etter å ha
gått over frå å vere kjempande tillitsmann til å hamne på andre sida, har
kvikna til og endeleg fått ei sak å bruke si revolusjonære glød på.Folk vil
ut å selje aviser. Arbeidarkorrespodentar med Internett-kontakt melder seg
til teneste.

Det som er synd er at saka er KK og fienden er også er KK. For dei fleste
av aktørane skulle ikkje Kulturrevolusjonen vere ein ukjend parallell, ein
revolusjon som var sett i gang av delar av partileiinga (inkludert Mao
sjølv), for å reinske ut avviket frå partilinja og tenne den revolusjonære
gløden. Desverre var fienden deira eigne folk heilt ned på grunnplanet, og
tilomed AKP har vel teke sjølkritikk på sin tilslutnad til den
revolusjonen. Revolusjonen et sine barn.

Men gløden var stor. Som han no er i enkelte krinsar rundt KK, som opplever
den glødande debatten, støtteoppropa, pengegåvene, som eit steg framover
for den revolusjonære rørsla. Ei kjensle av gode gamle dagar. Men når
blåmåndagen kjem, når alle arbeidarkorrespondentane oppdagar at dei ikkje
har tid til å vere journalistar på fritid i ei profesjonell avis, når gamle
avisseljarar oppdagar at 90-åra ikkje er 70-åra, når den halvparten av
abbonentane som ikkje har AKP/RV-fortid/notid gjev opp fordi avisa ikkje
lenger er for dei - - - då er det for seint: Då kan avisa vere tapt. Det
vil vere det store tapet for ei ei heil venstreside - ikkje minst RV, som
ikkje kan overleve utan.

Vi hadde hatt bruk for Klassekampen.

Edvin Helgheim,
Florø