Klxyvinga av AF

Helge Hasselgreen (hhasselg@online.no)
Sun, 19 Oct 1997 16:14:34 +0200 (MET DST)

Motspørsmål til Roar Madsen:

>Spørsmåla mine til denne ordskifteglade forsamlinga er: Kva meiner "det
>store me" om denne utviklinga - og bør me som er med
>i AF gjennom andre medlemsforeiningar pressa på for å få våre foreiningar
>til å gå med i den nye hovudorganisasjonen?
>
>Sjølv hallar eg imot eit ja-svar på det siste spørsmålet, men eg inviterer
>med dette til å få fram motførestillingar. Kven grip utfordringa?

Lækjarane hadde eit godt resultat i fjor, truleg mest avdi situasjonen på
sjukehusa var spesiell og avdi dei fekk gjort slutt på tradisjonen med
ubetalt overtid.
Men spørsmålet mitt som AF-medlem er: Kven hallar du mot å få med deg i ein
ny organisasjon?
Vil du inkludere oss sjukepleiarar og andre "treåringar", eller ser du for
deg ein organisasjon for dei med embetseksamen (om det heiter så framleis)?

Og andre spørsmålet mitt er: Vil ikkje ei splitting i AF gjere det lettare
for LO-leiinga å vinne fram med moderasjonslina?
Helge Hasselgreen