Re: Aksjemajoritet

Olve Steinset (olves@online.no)
Fri, 17 Oct 1997 22:08:47 +0100

Anders, kvifor har du eit så stort hjarta til Haakon Lie? Kvifor likar du
metodane hans så godt, måtane han i all tid har lefla med sanninga på, ja
stundom framført lygner i beste McCarthy stil? Kvifor likar du desse
metodane så godt Anders? Er "arven" etter Haakon Lie så mykje å halda i
hevd Anders, denne evige og igjentakande konspirasjonen? Kva er så gildt
med det Anders? Ja, for du likar metoden Anders - ikkje sant, nå ja, du
svermar kan hende ikkje like mykje til sosialdemokratiet, men likevel - du
og Haakon Lie likar ikkje kommunistar Anders - ikkje sant det er fæle
greier det. Målet helger middelet er det ikkje slik?

Hald ut Anders, Haakon Lie fekk resultat av sitt arbeid, sitt nitide og
systematisk arbeid - ja, ei heil tid fekk porselenet stå i fred på
herskapet sitt overdådige bord, men så kom dei att Anders, ikkje berre med
Marx, Lenin og Stalin sitt tankegods, no var dei væpna til tennene med Mao
i tillegg - ja, dei trampa i porselensbutikkane att, øydelegg dekkjetøyet
åt herrefolket, herrefolket treng ein ny Haakon Lie Anders, ein som ikkje
er så opptatt av å drøfta sanninga og det politiske innhaldet. Nei, ein som
er uthaldande nok, evig tru i si teneste, ein som utan blygsel kan gjenta
dei magiske orda "Stalinistane i AKP", "det manglande oppgjeret med Stalin"
- ja, så iherdig i si teneste at vi til slutt, sjølv i dette Lutherske
samfunn, byrja å tru på reinkarnasjon - reinkarnasjon i hopetal - ikkje
berre ein Stalin - Nei mange med ulikt ansikt. Stemplinga hjelper då
Anders, ja, Haakon Lie klarte det - kan vi gå mot ein ny vår tru?

Likevel, på tross av at du likar Haakon Lie sine metodar så godt Anders, og
eg spyr i avsky av dei fordi eg kjenner personleg fleire av offera - ja,
for dei blei det Anders - stengd ute frå samfunnet, utan rett til arbeid -
ja, utan rett til rettsleg prøving av si sak - Haakon Lie kalla det
politisk kamp, eg kallar det ein HELVETES skamplett på norsk arbeidarrørsle
si historie! Likevel Anders skal eg lova deg å mase, mase på AKP om å sette
i verk aksjesal i tråd med deira eige landsmøtevedtak, men eg trur ikkje eg
treng det. Likevel Anders skal eg lova deg det, på tross av at eg har
gjennom 25 år lært at dei er til å stole på. Derfor Anders skal eg mase,
ikkje fordi du likar Haakon Lie så godt, ikkje difor.

MHH Olve Steinset

At 20:20 17.10.97 +0200, you wrote:
>>
>>Kvifor er det innlysande rett at AKP skal selje seg ned i Klassekampen
>>etter det vi har opplevd dei siste vekene?
>
>Metodene deres Finn, metodene deres, sjøl Pål S. ville gjerne ha en del av
>dette ugjort. Metodene, ikke ønsket om ny innretning av avisa har skapt en
>dyp splittelse blant KKs venner, har ført til oppsigelser, kan gi mange
>slitne folk en anledning til å hoppe av.
>
>Man må skape maktbalanse blant eierne av KK slik at ingen vinner fram med
>rein makt, og sjøl med dagens aksjesits måtte AKP bruke formannens
dobbelstemme.
>
>KK var i ferd med å bli bedre, og så kom AKP trampende inn i
porselensbutikken.
>
>Vi har jo lært - f.eks fra den tyske revolusjonen 1918 - 23 at en diktert
>riktig linje blir en gal linje nettopp fordi den er diktert.
>
>Jeg ser at Jon M har iverksatt en av mine kjepphester - vekk med usignerte
>lederartikler - men hvilken trøst er dette i disse tider. Fortsatt er
>"kommunister" de som diskrediterer kommunismen mest effektivt.
>
>Alle de som nå oppfordrer meg og andre klubb-venner til å jobbe for KK (det
>skal ihvertfall jeg gjøre) - kan ikke dere mase litt på AKP om aksjesalg
>innimellom lørdagsalget? Det ville være et tillitsskapende tiltak.
>
>Vh
>Anders E
>
>>
>>Helsing Finn Sindre Eliassen
>>
>>
>>
>>
>
>