Re: Gratulerer

Olve Steinset (olves@online.no)
Wed, 15 Oct 1997 16:48:14 +0100

Erling Sandmo
Du reiser nokre problemstillingar i ditt innlegg eg ikkje skjønar så mykje
av. Først dette:
"Vi så vel et stort potensiale i KK som en intellektuell venstreavis, en
avis som var villig til å utfordre og politisere områder av samfunnslivet
som overhodet ikke blir reflektert i pressen forøvrig: kunnskapsproduksjon,
teori, premissene for viktige sannheter."

Det er eit par forhold som verkeleg forundrar meg i det du her skriv. Kva
er det, med den endringa som no har skjedd, som er til hinder for at du
like godt kunne ha ordlagt deg slik:

"Vi ser et stort potensiale i KK som en intellektuell venstreavis, en avis
som er villig til å utfordre og politisere områder av samfunnslivet som
overhodet ikke blir reflektert i pressen forøvrig: kunnskapsproduksjon,
teori, premissene for viktige sannheter."?

Det skjønar eg ikkje, for dersom ikkje Klassekampen OG skal vere ei slik
avis - ja, då vil eg langt frå vere nøgd med utviklinga. Du kan vel ikkje
på ramme alvår meine at artiklar av denne typen skal være så dårleg
popularisert at dei berre skal kunne forståast av ei lita gruppe høgt
utdanna intellektuelle, og at det er dette du legg i omgrepet
"intellektuell venstreavis". For målsetjinga med å skrive om denne typen
saker, i ei avis, er vel for at store delar av folket skal kunne få taka
del i denne kunnskapen - elles kunne ein vel nøgd seg med å levera
artikkelen til eit meir eller mindre internt fagtidsskrift?

Personleg meinar eg at ein må ha knipe augo godt att for å ikkje ha fått
med seg at svært mange, ja og hjå dei som var usamde i tilsetjinga av J.M.
som ny redaktør, av Klassekampen sine vener og lesarar kritiserte avisa for
å ha framandgjort seg frå store delar av målgruppa for avisa. At kritikken
i vesentleg grad fyrst og fremst har grepe fatt i områder avisa ikkje har
skrive noko om, eller hatt manglande dekning av, eller ikkje teke stilling
til - tvil om avisas redaksjonelle ståstad.

Dernest skriv du følgjande:
"..... Det er triste greier, for jeg tror nok at denne muligheten, sjansen
til å utfordre sannhetsleverandører på hjemmebane, var noe som ikke vil
komme tilbake så fort etter det troverdighetstapet redaktørskiftet har ført
med seg for Klassekampen."

Truverd er vel noko ein må gjera seg fortent til gjennom praktisk handling,
så dersom du verkeleg er oppteken av dette, og samstundes meinar at dette
er eit område, som ikkje må gå tapt, ser du vel og for eigen del ei
politisk oppgåve i dette. Derfor undrar eg meg noko over at du sjølv vel å
bidra til å så tvil om avisas truverd frametter i ditt innlegg. At den
einsidige propagandaen, som har prega avisa i det siste, om årsakene til
denne konflikten, har skada avisas omdøme er eg ikkje så tvilande til, men
nettopp derfor ligg det ei stor oppgave frametter i å bøte på denne skaden
- du har sjølv ei mogelegheit til å bidra her!

MHH Olve Steinset

At 14:22 15.10.97 MET-1DST, you wrote:
>
>Halvfleip til side: jeg er sikkert ikke den eneste som håpet at det
>skulle gå an å føle seg som del av et miljø som hadde noe å bidra med
>i den politiske linjen som klarest er blitt artikulert gjennom KK,
>selv for folk som driver med teori og har tråkket lenge på Blindern.
>Vi så vel et stort potensiale i KK som en intellektuell venstreavis,
>en avis som var villig til å utfordre og politisere områder av
>samfunnslivet som overhodet ikke blir reflektert i pressen forøvrig:
>kunnskapsproduksjon, teori, premissene for viktige sannheter. Men
>vi ble et hode kortere ved forrige korsvei, som resultat av
>kulturdebatten, og fikk hugget av en arm nå. Det er triste greier,
>for jeg tror nok at denne muligheten, sjansen til å utfordre
>sannhetsleverandører på hjemmebane, var noe som ikke vil komme
>tilbake så fort etter det troverdighetstapet redaktørskiftet har
>ført med seg for Klassekampen.
>
>Erling Sandmo
>
>