Re: Aksjemajoritet

Magnar Jarle Olsen (mjolsen@online.no)
Wed, 15 Oct 1997 15:15:56 +0100

Finn Sindre Eliassen wrote:
>

>
> Det eg vil fram til er dette:
>
> Kvifor er det innlysande rett at AKP skal selje seg ned i Klassekampen
> etter det vi har opplevd dei siste vekene?
>
> Helsing Finn Sindre Eliassen

Det lurer eg også på, sjølv om eg ikkje er medlem av AKP! Etter
kuppforsøket til redaksjonen, er eg glad avisa hadde eit styre som torde
stå på det dei meinte var rett. Viktigare enn kven som eig flest aksjar
er innhaldet i avisa.

Til Sonja Tinnesand vil eg seie:
Kva om du freister lytte til kva styret seier om kva dei vil med avisa i
staden for å lage ditt eige vrengebilete. Det var under AKP sin
"kvelande kontroll" avisa utvikla seg til det den er!
Elles er eg enig i din skepsis til å få sportssider i KK, sjølv om det å
skrive om sport ikkje treng vere det same som at avisa vert ei "tabloid
fotballavis".

Helsing
Magnar Jarle Olsen