Ward Churchill om Holocaust II

From: brendberg (brendberg@c2i.net)
Date: 14-07-02


Del II

Eller vi kan ta eit døme som manar fram endå meir nedtrykkande minne:
National Public Radio (NPR) i Washington DC dekte utførleg femtiårsminnet
for Auschwitz-Birkenau den 26 januar 1995, men sigøynarane vart ikkje nemnte
ein einaste gong, sjølv om dei var godt representerte ved minneseremonien. I
den avsluttande reportasjen i NPR sitt helgemagasin den 28 januar skildra
Michael Goldfarb korleis ”lys vart plasserte langs sporet som førde jødar og
polakkar til dauden”. Det var ikkje noko rart at sigøynarar ikkje vart
nemnte; dei fekk ikkje lov til å delta i lysseremonien. Ein artikkel om
Auschwitzminnehøgtida som dukka opp i pressa fortalde om ei gruppe med Roma
som stod og såg sorgtyngde på. Sigøynarar som hadde mista sine forfedre her
måtte sjå på seremonien frå ein stad utanfor området. Ein tale i samband med
seremonien fortalde om korleis ”jødane åleine hadde vorte valt ut for total
utrydding under holocaust”.

Haldningane som ligg bak slik hansaming av sigøynarane er gjeld ikkje berre
jødisk eksklusivisme og freistnadene på å viska Porrajmos ut av historia.
Dette dreier seg òg om den vedvarande togna kring fornya, naziliknande
sigøynarforfølgjing i Europa. I 1992 forhandla regjeringa i det nyleg
sameinte Tyskland fram ein avtale der dei betalte meir enn hundre millionar
D-mark til Romania – eit land med notoriske tradisjonar for
sigøynarforfølgjing – i byte mot at landet tok i mot storparten av Tyskland
sine sinti og roma. Summariske deportasjonar byrja hausten 1993, og meir enn
20 000 er utvist fram til i dag utan annan grunn enn at dei er sigøynarar.
Korleis vart desse motteke då dei kom fram? Eit nyhendeoppslag frå desemer
1993 gjer eit godt bilete:

”Ein orgie av lynsjing og husbrenning der politiet deltek har utvikla seg
til noko meir alvorleg for Romanias hata sigøynarar: Byrjinga av ein
landsfemnande terrorkampanje sett i scene av grupper bygd etter Ku Klux
Klanmønster. ”Vi er mange, og vi har ein fast vilje. Vi vil flå sigøynarane
snart. Vi vil plukka ut augo deira, knusa tennene og kutta av nasene. Dei
fyrste vil bli hengde.”

Den tyske regjeringa visste godt at dette ville skje før dei byrja
deportasjonane. Omfanget og styrken av dei rumenske anti-sigøynarkjenslene
var knapt noko historisk mysterium. Og ein av leiarane for den rumenske
fascistrørsla, ein direkte arvtakar etter Pilkrossgruppene som entusiastisk
slutta seg til den nazistiske rasepolitikken under krigen, hadde ope
annonsert kva som ville skje seks månader før:

”Krigen vår mot sigøynarane byrjar til hausten. Fram til då vil vil vi
førebu oss med å skaffa våpen; først skal vi skaffa oss kjemiske middel. Vi
vil heller ikkje spara mindreårige”.

I augneblinken er det ikkje tilgjengeleg rapportar som kan fortelja kor
mange sigøynarar som har vorte drepne, torturerte, kvesta eller på anna vis
fysisk mishandla i Romania (ikkje stadfesta rapportar fortel om hundrevis).
Det vi veit er at det har vore ei total mørkleggjing av dette i pressa.
Reaksjonane til dei delane av det jødiske establishmentet som likar å opptre
som ”verdas samvit” i slike saker har i beste fall vore lunkne. Ingen
verkelege protestar kom frå det haldet, sjølv ikkje når romanileiarar som
vona å unngå det dei visste var i vente tok med seg ein stor delegasjon av
sitt folk våren 1993 for å finna ein fredlyst plass i Neuengamme
konsentrasjonsleir der deira fedre og mødre vart drepne ein generasjon
tidlegare. Ikkje ein einaste jødisk menneskerettsaktivist dukka opp for å
stå saman med dei og syna solidaritet.

Som vanleg var det Yehuda Baker som best uttrykte eksklusivistane sine
kjensler i denne saka. Så tidleg som i 1990 byrja han å klaga offentleg over
at slike desperate forsøk på å bryta den usynleggjeringa av sigøynarar som
han sjølv har vore ein viktig bidragsytar til var i ferd med å bli ein ”
konkurrent” til det faste fokuset på ”radikal antisemittisme” som han hadde
brukt livet sitt til å skapa. Du kan knapt tenkja det noko betre
illustrasjon av det den framståande holocausthistorikaren ved Princeton Amo
J. Mayer har kalt ”overdrive sjølsentrering” hjå jødiske eksklusivistar og
det den fører til av ”umoralsk gløymsle når det gjeld den større samanhengen
og alle andre offer”.

Å retta opp biletet av holocaust

Det skulle ikkje vera trong til å vera like detaljert når det gjeld
eksklusivistane si fornekting av folkemorda mot dei slaviske folka innanfor
råmene av holocaust. Likevel kan det vera nyttig å sjå på hovudlinene, og
byrja med den kjende påstanden om at ”dei vart handsama ulikt jødane, og
ingen vart merke ut for total utsletting”.Lucy Dawidowicz seier det slik: ”
Det har vorte sagt at tyskarane... planla å utrydda alle polakkar og
russarar av raseomsyn. Etter Hitlers rasedoktrine var alle slavarar ”
untermenschen”. Men det finst ikkje prov på at planar om å drepa slavarane
nokon gong vart tenkt på eller laga.”

Det ligg både eit korn sanning og ei bøtte løgn i det som vert sagt her. Det
er sant at slavarane ikkje vart nemnt i den ”Endlösung” som vart teikna for
sigøynarar og jødar på Wannseekonferansen i 1942. Dette tyder sjølvsagt på
at desse to gruppene på eit vis vart prioriterte når det galdt å få gjort
unna deira ”spesialhandsaming”. Men det tyder slett ikkje at ikkje slavarane
var ”blenkte ut” til å lida den same lagnaden til slutt. Ein kan gå ut frå
at dei siste fasene i nazistane sine anti-slaviske kampanjar ville ha byrja
når dei som vart retta mot dei mykje mindre gruppene av jødar og sigøynarar
var gjort unna. I alle tilfelle er ideen om at ”ingen plan (for utrydding av
slavarane) var nokon gong tenkt på eller laga” heilt enkelt løgn.

Hitler hadde ein visjon om ”lebensraumpolitik” – erobring av store område av
slavisk territorium i aust-Europa til ”nybusetjing” for ein raskt veksande
tysk folkesetnad. Det er grundig dokumentert at ein del av planen var ein
medviten politikk for å eliminera bufaste slavarar. I Sovjetunionen åleine
skulle denne ”avfolkinga” i dei områda som var blenkte ut for tysk
kolonisering redusera folketalet frå 75 millionar til ikkje meir enn 30
millionar. Denne ”resten” skulle få vera att i ein ikkje tidfesta periode
som eit reservoar av slavearbeidskraft som kunne ofrast medan ein byde opp
den infrastrukturen ein trong for å halda oppe det nazistane rekna som ”
arisk” levestandard. Dei 45 millionar menneska som utgjorde skilnaden mellom
eksisterande folkesetnad og det prosjekterte målet skulle fjernast gjennom
ein kombinasjon av massiv fordriving – ”jag dei austover” – og ulike slag
drapsprogram.

Planane for dei vestlegare slaviske folka som polakkar, slovenarar og
serbarar var til og med verre (eller i alle fall planlagt gjennomført
snøggare). Så tidleg som i Mein Kampf annonserte Hitler at dei som jødane
skulle utryddast heilt. I det minste når det galdt polakkane skulle ein
oppnå dette gjennom ulike etappar som truleg var tenkt som modell for
liknande etappedelt utrydding av ukrainarane og andre folk i aust. Straks
etter erobringa skulle den polske nasjonen ”halshoggast” (deira sosiale,
politiske og intellektuelle leiarskap skulle utryddast til siste mann). I
neste omgang skulle mengda av folket fysisk flyttast på den måten som best
tente interessene til tysk økonomi. I neste fase skulle polakkane setjast
på svelterasjonar og arbeida til dei stupte. Om det så skulle koma ein
fjerde og ”endeleg” fase a la Auschwitz er irrelevant sidan resultatet både
i praksis og teori ville vore det same.

I motsetnad til sigøynarar og jødar var dei slaviske samfunna organisert på
ein måte som låg til rette for militær motstand. Difor måtte planar om
desimering innebera svekking gjennom militær konfrontasjon. Dei tyske
metodane for krigføring i aust hadde alltid eit element av ”kring for
utrydding”, i skarp kontrast til det som vart gjort mot ikkje-slaviske
motstandarar i vest. Difor er det ikkje mogleg å skilja dei ekstraordinært
høge dødsratane til sovjetiske krigsfangar frå utryddingsplanane elles. I
følgje SS Gruppenführer Eric von dem Bach-Zelewski, som hadde øvste kommando
for antipartisankrigen i aust, vart denne krigen ført medvite ikkje berre
for å undertrykka gerlijaaktivitet, men også for å ”nå Himmlers mål om å
redusera den slaviske folkesetnaden til 30 millionar”.

Det materialet som er tilgjengeleg tyder på at dei viktigaste måla i
konfrontasjonane mellom nazistar og partisanar var dei sivile i desse
områda. Medan 9 902 partisanar vart drepne eller avretta mellom august og
november 1942, avretta tyskarane i same tidsrom 14 257 sivile som dei
mistenkte for å hjelpa partisanane. Ein polsk forskar, Ryszard Torzecki,
meiner masseutryddinga av sivile var det største dramaet under krigen i
Ukraina. I følgje han vart det gjennomført massedrap på 250 ulike stader – i
tillegg til arbeidsleire der tusenvis av folk døydde. I mange tilfelle var
de samband mellom massedrap og partisankrig. H. Kuhnrich rekna med at 5 909
225 menneske vart drepne som følgje av krigen mot partisanane. Sidan Ukraina
var hovudområdet for partisanar var det her ein hadde dei største tapa. I
følgje Kuhnrich mista om lag 4,5 millionar livet i Ukraina, både partisanar
og sivile. I Kviterussland vart 1 409 225 drepne.

Desse nedslakta sivile må sjølvsagt reknast som offer for nazistane sin
utryddingspolitikk, og ikkje verta klassifisert som ”krigstap”. Og
standardpraksisen med å rekna jødiske partisanar inn i dei seks millionane
som mista livet i det jødiske holocaust, må vel også kunne brukast når det
gjeld slavarar. Og sidan jødane som vart drepne av Bach-Zelewski sine
SS-soldatar under og etter ghettooppreisten i Warsawa heilt rett vert rekna
med mellom ofra for holocaust, så burde vel dei store mengdene slavarar som
vart likviderte i samband med den tyske erobringa av byar som Kiev, Kharkov,
Sebastopol og Minsk òg reknast med. Når ein i tillegg reknar dei samla tala
på folk som medvite vart sett til å arbeida seg til daude, dei som døydde
under prosessen med å verta jaga austover under alle slags tilhøve, som vart
svelta til daude eller som døydde i epidemiar som spreidde seg som skogbrann
på grunn av den medvitne tyske politikken med å nekta tilgang til vaksinar,
byrjar omfanget av folkemordet på slavarar å koma fram.

Mellom 1939 og 1945 reknar ein med 6 028 000 ikkje-militære dødsfall i
Polen, den første slaviske nasjonen som fall for tysk militærmakt (tre
millionar av dei polske daude var jødar, 200 000 var sigøynarar slik at
reduksjonen av den slaviske folkesetnaden vert om lag 14%). Mesta heile den
polske intelligensiaen vart drepne. I Jugoslavia vart 1.2 millionar sivile,
ni prosent av folket, drepne mellom 1941 og 1945 (i tillegg kjem 300 000
jugoslaviske soldatar og partisanar ). Tapstala i andre ikkje-sovjetiske
område av aust-Europa – Slovakia, Bøhmen og Mähren – var mindre, men likevel
ille nok.



This archive was generated by hypermail 2.1.2 : 14-07-02 MEST